Peter III av Russland






Måleri frå 1753 av Aleksej Antropov


Peter III, fødd som Karl Peter Ulrich (fødd 21. februar 1728 i Kiel, død 17. juli 1762), russisk: Пётр III Федорович (Pjotr III Fjodorovitsj), var tsar av Russland i seks månader i 1762. Han var hertug av Schleswig-Holstein-Gottorp frå 1739 til 1762. Han høyrde til ei linje av fyrstehuset Oldenburg, og grunnla linja Romanov-Holstein-Gottorp.


Han var einaste son av hertug Karl Friedrich av Holstein-Gottorp og Anna Petrovna, ei dotter av Peter den Store. Ifølgje dei fleste historikarar var han mentalt umoden og svært pro-prøyssisk, noko som gjorde han til ein upopulær leiar. Han skal ha vorte myrda som følgje av eit komplott som var leidd av Aleksej Orlov, bror til elskaren til Katarina, Grigorij. Det er uklart i kva grad kona hans var direkte involvert i mordet. Kona hans etterfølgde han på trona som Katarina II.



Kjelde |


  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av «Peter III av Russland» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 31. desember 2009.




Spire Denne Russlandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.








Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?