Aurelianus
































Aurelianus
Romersk keisar
Regjeringstid
270-275
Fødd
9. september 214
Fødestad Sirmium
Død
25. september 275
Çorlu
Føregangar Quintillus
Etterfølgjar Marcus Claudius Tacitus

Lucius Domitius Aurelianus (9. september 214–275), kjend som Aurelian eller Aurelianus, var romersk keisar frå 270 til han blei drepen i september eller oktober 275.


Aurelianus var fødd nær Sirmium i Moesia, noverande Sremska Mitrovica i Serbia. Han gjekk gradene som soldat i romarhæren og blei utropt til keisar av troppane i Sirmium.


I eit rike truga av «barbarar» og naborike organiserte han effektivt forsvar og slo alemannarar, gotarar og markomannarar før han erobra Palmyra under Zenobia. Han reiste aurelianmuren til vern av Roma; delar av denne står framleis.


Keisaren innførte Sol Invictus som ein viktig gud på linje med dei andre romerske hovudgudane. Han fekk reist eit strålande tempel til guden som han dekorerte med skattar tekne frå toktet i Palmyra.


Aurelianus blei drepen av pretorianargarden, som skal ha frykta ugrunna straff, ved Caenophrurium, undervegs på eit felttog mot Persia.



Kjelder |



  • «Lucius Domitius Aurelianus» i Store norske leksikon, snl.no.


  • Denne artikkelen bygger på «Aurelianus» frå Wikipedia på svensk, den 30. august 2011.



Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva