Åslaug Haga
















Åslaug Haga

Aslaug Haga.png

Fødd

21. oktober 1959

Nes


Parti

Senterpartiet


Åslaug Marie Haga (fødd 21. oktober 1959) i Nes på Romerike er ein norsk diplomat, politikar og tidlegare leiar i Senterpartiet. Ho er utdanna cand.mag. og har erfaring frå Utanriksdepartementet (UD). Haga var statsråd i regjeringa Stoltenberg II, fram til 19. juni 2008. Ho valde å gå av etter ei massiv mediedekning rundt små og store lovbrot i samband med forvalting av eigen eigedom. Det var til dømes ulovleg utleige av eigen eigedom i tillegg til ei uanmeld bryggebygging.


Åslaug Marie Haga er dotter til Hans Haga, leiar i Norges Bondelag frå 1974 til 1980 og generalsekretær frå 1980 til 1988. Ho voks opp på garden Henni saman med ei eldre syster.


Cand.mag.-graden til Haga er frå Universitetet i Oslo og er sett saman av faga statsvitskap, historie og sosiologi. I 1989 gifta ho seg med diplomatkollega Bård Hopland. Etter å ha budd i Oslo og i utlandet i fleire år kjøpte dei to i lag småbruket Sandli (Holstad i Ås). Saman har dei to born.


Ho var stortingsrepresentant i stortingsperiodane 2001-2005 og 2005-2009. I samband med at stortingsperioden hennar gjekk ut 1. oktober 2009 og at ho ikkje stilte til attval, annonserte ho at ho skulle byrje i ny jobb som miljølobbyist for arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Kjelder


    • 2.1 Referansar




  • 3 Bakgrunnsstoff





Karriere |




Åslaug Haga i Stortinget.




  • Attaché FN-delegasjonen i New York frå 1987 til 1989

  • Personleg sekretær for bistandsministeren frå 1989 til 1990

  • Ambassadesekretær ved ambassaden i New Dehli frå 1991 til 1994

  • Byråsjef, underdirektør og statssekretær i Utanriksdepartementet frå 1994 til 1999


  • Statssekretær ved Statsministerens kontor i 1999

  • Nestleiar i Senterpartiet frå 1999 til 2003


  • 8. oktober 1999–13. mars 2000: Kulturminister i regjeringa Bondevik I.


  • Stortingsrepresentant frå 2001

  • Leiar i Senterpartiet frå 2003 til 19. juni 2008


  • 17. oktober 2005–21. september 2007: Kommunal- og regionalminister i Regjeringa Stoltenberg II


  • 21. september 2007 til 19. juni 2008: – Olje- og energiminister i Regjeringa Stoltenberg II


  • 1. oktober 2009– : Miljølobbyist for Norsk Industri



Kjelder |



Referansar |





  1. «Åslaug Haga går til NHO» av Helge Carlsen og Øystein Ingdahl på NRK.no (16.09.2009).




Bakgrunnsstoff |


  • Åslaug Haga sin tale 19. juni 2008












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva