Egmont National Park
Egmont National Park | ||
---|---|---|
Satellittbilete av Egmont National Park. Foto: | ||
Styresmakter | ||
Land Region | New Zealand Taranaki | |
Oppretta | 1900 | |
Geografi | ||
Flatevidd - Nasjonalpark | 335 km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone | +12 (UTC) | |
Næraste by: New Plymouth | ||
Plassering | ||
Egmont National Park ligg sør for New Plymouth, nær vestkysten på Nordøya på New Zealand. Han har fått namn etter fjellet som dominerar i parken, og som sjølv vart namngjeve av kaptein James Cook etter John Perceval, 2nd Earl of Egmont, First Lord of the Admiralty som støtta den første reisa til Cook. Taranaki har vore māorinamnet på fjellet i mange hundre år, og fjellet har no to offisielle namn, Mount Taranaki og Mount Egmont.
Parken, som vart oppretta i 1900, er dominert av den sovande vulkanen Mount Taranaki[1]. Årleg får parken ei stor mengde nedbør som for det meste er orografisk av natur etter som vestavindane som kjem inn over landet frå Tasmanhavet støyter mot Mount Taranaki og dei nærliggjande høgdedraga Pouakai og Kaitake ranges og vert tvinga til å stiga. Sidan området har ei stor årleg nedbørsmengd og eit mildt kystklima, er det ein frodig regnskog som kler foten av fjellet - denne skogen er nasjonalt viktig, etter som han er kjenneteikna av totalt fråvær av bøketre (slekta sydbøkfamilien).
Innhaldsliste
1 Økologi
2 Sjå òg
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Økologi |
Skogen er er rik på treslaga Northern rātā og Rimu, i tillegg til dekkfrøplantar, sjølv om økosystemet i heile parken viser tydelege spor av vegetativ soneseparasjon - dei nemnde to store treslaga er vanlege i dei lågare høgdene, medan Kamahi søkjer å dominera i den høgareliggjande småskogen. I desse urskogane er kronebregne, Blechnum discolor, dominerande mellom artene i underskogen [2].
Karakteren av plantesamfunna held fram med å endra seg med stigande høgde, til subalpine og alpine buskvekstar høgast oppe. Dette står i sterk kontrast til det omliggjande oppdyrka beite- og jordbrukslandet. Eit særskilt geomorfologisk kjenneteikn i denne parken er det radiale dreneringsmønsteret, som er tydeleg på satellittbiletet nede til høgre.
Ahukawakawa swamp er eit sjeldent, høgtliggjande (920 m) våtmarksområde med torvmosar (sphagnum) som ligg mellom Mount Taranaki og Pouakai range. Det inneheld mange endemiske artar som er tilpassa sur jord og låge temperaturar[3].
Sjå òg |
- Nasjonalparkar på New Zealand
- Department of Concervation
Referansar |
↑ «Volcano Fact Sheet: Mount Taranaki / Egmont Volcano» (PDF). GNS Science. 2010. Henta 30.april 2012. Sjekk datoverdiar i|besøksdato=
(hjelp)
↑ C. Michael Hogan (2009). «Crown Fern: Blechnum discolor». Henta 30. april 2012.
↑ «Ahukawakawa Swamp». Te Ara Encyclopedia of New Zealand.
Bakgrunnsstoff |
- NASA Earth Observatory side om Egmont National Park (1)
- NASA Earth Observatory side om Egmont National Park (2)
- Department of Conservation informasjon om Egmont National Park
- Denne artikkelen bygger på «Egmont National Park» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2012.
Nasjonalparkar på New Zealand | ||
---|---|---|
Nordøya | Egmont · Te Urewera · Tongariro · Whanganui | |
Sørøya | Abel Tasman · Aoraki/Mount Cook · Arthur's Pass · Fiordland · Kahurangi · Mount Aspiring · Nelson Lakes · Paparoa · Westland | |
Stewart Island/Rakiura | Rakiura |
|