Kvensk

Multi tool use
Kvensk (kvääni) | ||
Klassifisering: |
Uralsk austersjøfinske språk |
|
Talarar: |
kvener |
|
Bruk | ||
Tala i: |
![]() |
|
Kvensktalande i alt: |
5 000 - 8 000[1] |
|
Rangering: |
106 |
|
Skriftsystem: |
Latinsk |
|
Språkkodar | ||
ISO 639-3: |
fkv |
Kvensk (på kvensk kvääni[2], tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli) er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk. Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.[3]
I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.
På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektene, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.[4]
I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.
Historie |
På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.[treng kjelde]
I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka.
Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk.
Kjelder |
↑ ethnologue.com
↑ http://www.kvenskinstitutt.no/nyyheetterit/det-kvenske-navnet-p%C3%A5-spr%C3%A5ket-er-kv%C3%A4%C3%A4ni
↑ «Trekulturelle og trespråklige Porsanger». Porsanger kommune. 04.10.2016.
↑ http://www.kvenskinstitutt.no/beta/sites/default/files/Referat%20fellesm%C3%B8te%20spr%C3%A5kting%20og%20spr%C3%A5kr%C3%A5d%20Word.doc
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Incubator - Wikipedia på kvensk
- E-læringsprogram for kvensk
- E-ordbok for kvensk
- Norske Kveners Forbund - Ruijan kveeniliitto si heimeside
- Kvensk bibliografi
- Kvensk institutt
Austersjøfinske språk |
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk | livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk |

fKjYx3 X336CgnnQtWbGmw3 mL61c6TcoDGekGzcLIBXiIRiM