René Just Haüy
René Just Haüy | |
René Just Haüy | |
Fødd | 28. februar 1743 Saint-Just-en-Chaussée (Oise) |
---|---|
Død | 3. juni 1822 (79 år) Paris |
Nasjonalitet | Fransk |
Område | mineralogi |
Yrke | mineralog, fysikar, krystallograf |
Alma mater | Universitetet i Paris |
Medlem | Royal Society Société philomathique de Paris Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
René Just Haüy (28. februar 1743–3. juni 1822) var ein fransk mineralog. Han var opphavleg prest.
Han oppdaga lovmessigheita i geometrien til krystall, og grunnla på den måten geometrisk krystallografi. Han gav ut Théorie sur la structure des cristaux (1784), Traité de minéralogie (5 bd. 1801) og Traité de cristallographie (2 bd. 1822). Haüy vart fengsla i 1792 under den franske revolusjonen, men vart lauslate kort etter. Han vart i 1802, under Napoleon, utnemnt til professor i mineralogi i Paris.
Kjelder |
René Just Haüy. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
|