Den heilage Stefan (koiné-gresk ὁ πρωτομάρτυρος Στέφανος, ὁ Ἄγιος Στέφανος eller av og til enkelt ὁ Στέφανος og ὁ Ππρωτομάρτυρος, dvs. «den fyrste (kristne) martyren», latin Sanctus Stephanus), død omkring 35 e.Kr. i Jerusalem, var etter Bibelen diakon. Han er og rekna som den første martyren i kristendommen, og vert feira 26. desember (2. juledag).
Innhaldsliste
1Biografi
2Sjå òg
3Kjelder
3.1Referansar
4Bakgrunnsstoff
Biografi |
Stefanos var den første kristne martyren og vert difor kalla protomartyr. Ifylgje Apostelgjerningane var han leiar for dei gresktalande medlemene av kyrkjelyden. Han vart dømd til døden ved steining av det jødiske rådet, og Saulus, den seinare Paulus, samtykte til steininga.[1].
Stefanos var den førte diakonen i kyrkja. Embeter vart innført for å avhjelpe aostlane med materielle tenester, som å dele ut mat til dei fattige.
Den heilage Stefan er vernehelgen for hestar, kuskar, stalledrengar, steinhoggarar, skreddarar, vevarar og tømmermenn.
I kalkmålingar og på altarskap i svenske kyrkjer er Stefan måla på kalkveggar er Stefan framstilt i diakondrakt med tre steinar.
Sjå òg |
Staffan stalledräng
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Stefanos» frå Wikipedia på svensk, den 26. desember 2008.
Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
Farmer, David Hugh, The Oxford Dictionary of Saints. 3rd ed. Oxford: Oxford University Press 1992. ISBN 0-19-283069-4 The Book of Saints: A Dictionary of Servants of God. 6th ed. London: Cassell 1994. ISBN 0-304-34357-9
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...