Sørlandsbanen
Sørlandsbanen | |
Stavanger stasjon Foto: Kjetil Ree | |
Info | |
Land | Noreg |
Type | Jarnbanelinje |
Status | I drift |
Utgangsstasjon | Stavanger stasjon |
Endestasjon | Hokksund stasjon |
Tal på stasjonar | 45[1] |
Drift | |
Opna | 1944 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | NSB, CargoNet, Cargolink |
Type trafikk | Persontrafikk, godstog |
Teknisk | |
Lengd | 546 km[1] |
Lengd dobbeltspor | 14 km |
Høgste fart | 160 km/t |
Bruer | 497 |
Tunnelar | 190 |
Planovergangar | 127 |
Sørlandsbanen er jarnbanestrekninga frå Oslo via Kristiansand til Stavanger.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Oppdeling
3 Stasjonar på Sørlandsbanen
4 Kjelder
Historie |
Sørlandsbanen vart sluttført i regi av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1. mai 1944 vart Sørlandsbanen opna for normal drift. I lange strekningar går jarnbanen inni landet i staden for langs den tettare folkesette kystlina. Ein grunn til dette var at jarnbanelina skulle vernast mot invaderande styrkar. I tillegg skulle det ikkje vera mogleg å skyte mot jarnbanelina frå krigsskip. Jarnbanen var ei viktig transportåre for transport av soldatar såvel som krigsmateriell.
Stasjonen i Kristiansand er bygd som ein endestasjon, slik at toga som skal fortsetja mot Stavanger eller Oslo må snu der.
Oppdeling |
Sørlandsbanen kan delast opp i ei rekke understrekningar og sidebanar. Sjå elles stasjonsoversynet nedanfor.
Oslo S-Drammen er Drammensbanen, opna i 1872
Hokksund-Kongsberg, opna i 1871
Kongsberg-Bø i Telemark, opna i 1924
Lunde i Telemark-Kristiansand, opna i 1938
Kristiansand-Moi, opna for vanleg drift 1. mars 1944
Moi-Egersund, opna i 1904 (del av Flekkefjordbanen)
Egersund-Stavanger er Jærbanen, opna i 1878
Stasjonar på Sørlandsbanen |
Oslo S, stasjonen opna i 1854. Stasjonen bytte namn frå Oslo Østbanestasjon (Oslo Ø) til Oslo S i 1981.
Lysaker stasjon - 7,5 moh., stasjonen opna i 1872 da Drammensbanen stod ferdig.
Asker stasjon - 104,6 moh., stasjonen opna i 1872 da Drammensbanen stod ferdig.
Drammen stasjon - 2,2 moh., stasjonen opna i 1866 da Randsfjordbanen stod ferdig.
Hokksund stasjon, - 8,0 moh. stasjonen opna i 1866 da Randsfjordbanen stod ferdig.
Kongsberg stasjon - 161,9 moh. Stasjonen vart opna i 1871 da Randsfjordbanens sideline Hokksund - Kongsberg stod ferdig. Ny stasjon på noverande stad vart teken i bruk i 1917 i samband med bygginga av Sørlandsbanen.
Nordagutu stasjon, - 112,1 moh. Stasjonen vart opna i 1917 da Bratsbergbanen (Skien - Notodden) stod ferdig.
Bø stasjon - 69,6 moh. Stasjonen vart opna i 1924 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Bø.
Lunde stasjon - 77,1 moh. Stasjonen vart opna i 1925 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Lunde.
Drangedal stasjon - 75,7 moh. Stasjonen vart opna i 1927 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Kragerø, Kragerøbanen.
Neslandsvatn stasjon - 72,6 moh. Stasjonen vart opna i 1927 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Kragerø, Kragerøbanen.
Gjerstad stasjon - 36,6 moh. Stasjonen vart opna i 1935 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Nelaug.
Vegårshei stasjon - 183 moh. Stasjonen vart opna i 1935 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Nelaug.
Nelaug stasjon, - 141,1 moh. Stasjonen vart opna i 1935. Arendalsbanen tar av her til Arendal stasjon.
Vennesla stasjon - 43,1 moh. Stasjonen vart opna i 1895 samtidig med Setesdalsbanen frå Kristiansand til Byglandsfjord.
Kristiansand stasjon - 5,5 moh. Stasjonen vart opna i 1895 i samband med Setesdalsbanen frå Kristiansand til Byglandsfjord.
Nodeland stasjon - 25 moh. Stasjonen vart opna i 1943 da Sørlandsbanen vart teken i bruk fram til Moi.
Breland stasjon - 176,9 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Øyslebø stasjon haldeplass. Haldeplassen vart opna i 1944.
Marnardal stasjon - 38,3 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Audnedal stasjon - 106,6 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Snartemo stasjon - 151,6 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Storekvina stasjon - 135,9 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Gyland stasjon - 123,1 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Sira stasjon - 72,7 moh. Stasjonen vart opna i 1943.
Moi stasjon - 58,4 moh. Stasjonen vart opna i 1904. Da stod Flekkefjordbanen frå Egersund til Flekkefjord klar til bruk.
Egersund stasjon - 11,1 moh. Ny stasjon vart opna i 1944. Den gamle stasjonen frå 1878 låg ein kilometer frå den nye.
Bryne stasjon - 30,4 moh. Stasjonen vart opna i 1878 som ein stasjon på Jærbanen.
Sandnes stasjon - 6,1 moh. Ny stasjon i sentrum på 1990-talet. Den gamle stasjonen utanfor sentrum vart opna i 1878 som ein stasjon på Jærbanen.
Stavanger stasjon - 5,3 moh. Stasjonen vart opna i 1878 som endestasjon på Jærbanen.
Kjelder |
↑ 1,01,1 Jernbanen i tall/Jernbaneverket
Jarnbanestrekningar i Noreg | |
---|---|
Banar med persontrafikk | Arendalsbanen · Askerbanen · Bergensbanen · Bratsbergbanen · Dovrebanen · Drammenbanen · Flåmsbana · Gardermobanen · Gjøvikbanen · Hovedbanen · Jærbanen · Kongsvingerbanen · Meråkerbanen · Nordlandsbanen · Ofotbanen · Randsfjordbanen · Raumabanen · Rørosbanen · Spikkestadbanen · Stavne–Lerkendal · Sørlandsbanen · Vestfoldbanen · Østfoldbanen (Vestre linje, Østre linje) |
Banar og sidelinjer med regelmessig annan trafikk | Alnabanen · Brevikbanen · Dalane–Suldallinja · Kirkenes–Bjørnevatnbanen · Lerkendal–Leangen · Loenga–Alnabrulinja · Solørbanen · Roa–Hønefosslinja · Skøyen–Filipstadlinja |
Banar og sidelinjer utan regulær trafikk | Hønefoss - Hen · Namsosbanen · Nelaug–Simonstad · Numedalsbanen · Rakkestad–Sarpsborg · Tinnosbanen · Valdresbanen · Voss–Palmafoss |
Samanslåtte banar | Dunderlandsbanen · Eidsvoll–Dombåsbanen · Eidsvold–Hamarbanen · Eidsvold-Ottabanen · Hamar-Grundsetbanen · Hamar-Selbanen · Hell–Sunnanbanen · Jærbanen · Kongsbergbanen · Landsbanen · Nordbanerne · Trondhjem–Størenbanen · Vossebanen |
Museumsbanar | Krøderbanen · Lommedalsbanen · Nesttun–Osbanen · Rjukanbanen · Setesdalsbanen · Thamshavnbanen · Urskog–Hølandsbanen · Gamle Vossebanen |
Nedlagte banar | Arvedalslinja · Fagernes–Bjørgo · Flekkefjordbanen · Grimstadbanen · Hafslundbanen · Hardangerbana · Havnebanen · Holmestrand–Vittingfossbanen · Hortenlinja · Kalvskindet–Heimdal · Kragerøbanen · Lierbanen · Lillesand–Flaksvandbanen · Rollag–Rødberg · Røykenvikbanen · Setesdalsbanen · Skreiabanen · Solbergfossbanen · Sperillbanen · Sulitjelmabanen · Treungenbanen · Tønsberg–Eidsfossbanen · Vestmarkabanen · Ålgårdbanen |
Planlagte banar | Follobanen · Ringeriksbanen · Grenlandsbanen · Høgfartsbane i Noreg |