Strå






Strå i morgonsol.


Strå (norrønt strá) er ei daglegdags nemning på stengelen til gras, som ofte er hol, rund og ledda. I vid tyding kan omgrepet visa til alle runde, tynne stengler.[1]




Jordbær på eit strå.


Avrivne strå kan ha ulike bruksområde både i frisk og tørka tilstand, og går att i fleire faste uttrykk.
Ein kan tygga på friske strå.
Når ein plukker bær som blåbær eller markjordbær kan ein tre dei på strå for å samla dei.


Tørka strå kan brukast til dyrefôr eller som materiale, til dømes til taktekking.


Å dra strå er ein gammal måte å trekka lodd om noko. Å trekka det kortaste strået tyder at ein tapar, medan å dra det lengste tyder at ein vinn.
I ein del val har ein nytta strå for å velja ein kandidat der to toppkanditatar har fått like mange røyster. Dette er til dømes mogleg ved lokalval i Storbritannia, der ein også kan slå mynt eller krone.[2] Slike metodar er også mogleg i lokalval fleire stader i USA. Han blei nytta 20. november 2015 ved delstatsvalet i Mississippi etter at begge kandidatane fekk 4 589 røyster. Trekkinga av to sugerøyr (engelsk drinking straw) førte til at Blaine Eaton blei gjenvald til Mississippi House of Representatives.[3]





Sjå òg |



  • Halm

  • Høy



Kjelder |





  1. «Strå», Store norske leksikon, 8. mars 2012, henta 15. desember 2016 


  2. Hague savours local victories


  3. «Mississippi state election settled by 'drawing straws'». BBC News. ;Tina Nguyen, «Mississippi House Race Literally Decided by Drawing Straws», The Hive (vanityfair.com) 



  • «strå» i Nynorskordboka.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Drawing straws» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2016.








Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?