Vladivostok




























































Vladivostok
Владивосток


Hamna i Vladivostok
Hamna i Vladivostok





Byvåpenet til Vladivostok

Byvåpenet til Vladivostok



Plassering




Vladivostok is located in Russland













Vladivostok is located in Primorskij kraj









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
2. juli 1860
22. april 1880
Borgarmeister
Jevgenij Pusjkarjov
Geografi
Flatevidd
 - By


561,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik


580 800
  1 034,4 /km²
Koordinatar

43°7′″N 131°54′″EKoordinatar: 43°7′″N 131°54′″E
Høgd over havet
40 moh
Tidssone
- Ved sommartid

VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer
690xxx
Retningsnummer (tlf)
+7 4232

Nettstad: www.vlc.ru



Vladivostok og Det gyldne horn-bukta


Vladivostok (russisk Владивосто́к) er administrativt senter i Primorskij kraj i Russland. Han ligg ved Japanhavet lengst søraust i Russland, rundt 6500 km aust for Moskva og berre 100 km frå grensa til Kina.


Byen har om lag 580 800 innbyggjarar.[1] Innbyggjartalet har vore fallande heilt sidan Sovjetunionen vart oppløyst. Byen er òg senter for ein byregion (Stor-Vladivostok) med 1 010 000 innbyggjarar (est. 2005).


Vladivostok er den største hamnebyen i landet ved Stillehavet og den russiske Stillehavsflåten har hovudbasen sin her. Jernbanestasjonen i byen er endestasjon for den transsibirske jernbanen.
Namnet kan omsetjast med 'herskar av Austen'.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Tidleg historie


    • 1.2 Russisk kontroll


    • 1.3 Etter revolusjonen




  • 2 Geografi


    • 2.1 Plassering


    • 2.2 Namn


    • 2.3 Demografi


    • 2.4 Administrativ inndeling


    • 2.5 Klima


    • 2.6 Miljø




  • 3 Økonomi og næringsliv


    • 3.1 Handel og industri


    • 3.2 Transport


    • 3.3 Telekommunikasjon


    • 3.4 Media




  • 4 Utdanning og kultur


    • 4.1 Vitskap og høgare utdanning


    • 4.2 Kulturliv


    • 4.3 Idrett


    • 4.4 Religion




  • 5 Kjende personar frå Vladivostok


  • 6 Internasjonale samband


    • 6.1 Konsulater


    • 6.2 Venskapsbyar




  • 7 Referansar


  • 8 Kjelder


  • 9 Bakgrunnsstoff





Historie |



Tidleg historie |


Ved starten av vår tidsrekning var området som no er Vladivostok busett av det tungusiske mohe-folket, som var underlagt kongedømet Koguryo, eit av dei tre koreanske rika på den tida. Koguryo vart erobra og delt i 668 og Vladivostok-området vart underlagt kongedømmet Balhae (i Kina kjend som Bohai).[3] Balhae vart erobra av khitanane i 926. I 1125 vart det khitanske Liao-dynastiet erobra av dei tungusiske jursjenerane, grunnleggjarane av Jin-dynastiet som varte til dei vart erobra av mongolane i 1234. Jursjenane var etterkomarar av det tidlegare mohefolket (og forfedrar til folket som frå 1600-talet vart kjent som mandsjuar).


I følgje kinesiske kjelder på denne tida var kystområda rundt dagens Vladivostok tett folkesett. I forhold til kart frå Yuan-dynastiet (1271-1368) låg byen Yǒngmíngchéng (永明城, som kan omsetjast som «det evige lyset sin by») på omtrent same stad som Vladivostok. Dette er stadfesta av mange arkeologiske funn og i følgje kinesiske krøniker vart territoriet avfolka på grunn av krigar mellom Kina og Korea.


Under Ming-dynastiet (1368-1644) vart området igjen vitja av kinesiske ekspedisjonar. I Nertsjinsk-traktaten frå 1689 vart området definert som ein del av Kina, som då var under mandsju-dynastiet Qing. Seinare, da mandsjuane forviste Han-kinesarar frå mesteparten av Mandsjuria inkludert Vladivostok-området, vart det berre vitja av shēnzéi (參賊, tyder anten ginseng- eller sjøpølse-tjuvar) som ulovleg tok seg inn i området på jakt etter ginseng eller sjøpølser (tvitydig ettersom begge uttrykka nyttar det kinesiske 參, shēn). Frå her kjem det noverande kinesiske namnet på byen, 海參崴 (Hǎishēnwǎi) som tyder «byen ved sjøpølseklippene».


De første europearane ein sikkert veit vitja bukta som seinare vart kalka Zolotoj Rog (Det gyldne horn-bukta), var to engelske fregattar, Winchester og Barrakuda, i 1855. Fregattane var i området for å leite etter ein russisk skvadron under Krimkrigen. Engelskmennene kalla staden Port May. Eit fransk kvalfangstskip, som i 1852 overvintra i Posietbukta like ved grensa til Nord-Korea, skal i følgje enkelte kjelder ha vitja Zolotoj Rog-bukta alt i 1851.[4] Franskmennene fann fleire hytter til kinesiske eller mandsjuriske fiskarar i området.



Russisk kontroll |




Korvetten «Amerika» i Zolotoj Rog i 1859


Området vart avstått til Russland frå Kina som følgje av Aiguntraktaten av 1858 og Pekingkonvensjonen av 1860.


Sommaren 1859 vitja generalguvernøren for Aust-Sibir, Nikolaj Muravjov-Amurskij, halvøya og den godt skjerma bukta i Peter den store-bukta, om bord i dampkorvetten Amerika. Bukta minna han om Det gylne hornet i Konstantinopel, som han føreslo å kalle ho opp etter. Halvøya vart kalla Muravjov-Amurskij til ære for han.


20. juni 1860 stemna det militære forsyningsskipet «Mantsjzjur» (russisk: Маньчжур), under kommando av kapteinløytnant Aleksej Sjefner, inn i Det gyldne horn-bukta for å grunnlegge ein militær utpost, som alt hadde fått Vladivostok som offisielt namn. Ein styrke på 40 mann (ein offiser, to korporalar og 37 meinige) vart henta med skip frå Nikolajevsk-na-Amure for å bygge dei første bygningane i den framtidige byen. De valde ut ein stad der innseglinga til Gyldne Horn-bukta alltid var synleg, der dei bygde leiren sin. Ein månad seinare kom korvetten «Griden» (russisk Гридень) med oppdrag å verne den nye utposten og å bringe nye forsyningar til garnisonen.


I 1862 fekk Vladivostok offisielt endra status frå utpost til hamn og for å oppmuntre til utanlandshandel fekk han status som frihamn. I 1863 vart det første barnet fødd i byen. I 1864 vart kommandoen over Dei sørlege hamnene flytta frå Nikolajevsk-na-Amure til Vladivostok. Eit år seinare vart eit skipsverft etablert i Vladivostok og dei første nybyggarane frå Nikolajevsk-na-Amure kom til byen. Utlendingar byrja òg å vitje Vladivostok. I 1871 vart det avgjort at marinehamna, militærguvernøren sin residens og hovudbasen til Den sibirske militære flotiljen skulle flyttast frå Nikolajevsk-na-Amure til Vladivostok.


Den første gata i Vladivostok var Amerikanskajagata (ул. Американская) i 1871, som fekk namnet til minne om den før nemnde korvetten Amerika. To år seinare vart namnet endra til Svetlanskajagata (ул. Светланская), til minne om fregatten Svetlana, som Storhertug Aleksej Aleksandrovitsj av Russland vitja Vladivostok med. På den tid bestod ho av ein del av dagens Svetlanskajagate, frå Amurbukta til hus nr.85. Dei øvrige delane av byen vart sett på som separate gater og vart kalla Portovaja (Портовая), Afanasjevskaja (Афанасьевская), Ekipazjnaja (Экипажная), osv.




Ussuribanen frå Vladivostok i sør til Khabarovsk i nord. Banen som går aust-vest er den opphavlege traseen til den transsibirske jernbanen gjennom Mandsjuria.


I 1878 var 40 % av dei over 4 000 innbyggjarane i Vladivostok utlendingar. Dette vart reflektert i gatenamna til den unge byen, som til dømes Korejskaja (Korea), Pekinskaja (Peking), Kitajskaja (Kinesar), osv. Dei noverande gatenamna er Pogranitsjnaja (ул. Пограничная), Admirala Fokina (ул. Адмирала Фокина) og Okeanskij Prospekt (Океанский проспект).


Ei fast dampskiprute vart i 1879 etablert frå Vladivostok til St. Petersburg og Odessa.


28. april 1880 vart Vladivostok offisielt utnemnd som by og som ei separat administrativ eining, sjølvstendig frå Primorskij oblast. På den tida var det 7 300 innbyggjarar i byen, nesten dobbelt så mange som i 1878. Det var tre hotell i drift i Vladivostok på den tida, Moskva, Vladivostok og Hotel de Louvre. 16. mars 1883 godkjende tsar Aleksander III det første byvåpenet til Vladivostok.


I 1883 vart òg Omflyttingsadministrasjonen etablert i Vladivostok og dampskip frå Den frivillige flåten byrja ein massetransport av småbønder frå den europeiske delen av Russland til Russisk fjerne austen, der aktiv nybygging nyleg hadde starta. Vladivostok vart hovudsenter for denne skipsfarten. Dette medførte at byen vart viktigare. I 1888 vart residensen for oblastguvernøren flytta frå Khabarovsk til Vladivostok, som vart utnemnd til senter for Primorskij oblast. I 1889 vart Vladivostok utnemnd som festning og to torpedobåtar vart sjøsett. Eit gjennomtenkt system av festningsverk vart oppført mellom 1870- og 1890-åra.


På 1880-talet vart kulturlivet i Vladivostok meir aktivt og det vart starta ein musikkskole ved depoet til den sibirske flåten. I 1883 kom den første avisa, Vladivostok, ut. I 1887 vart ein offentleg lesehall opna i byen og eit profesjonelt teater opptredde i Vladivostok for første gong. Byen starta etter kvart å skaffe seg alle moderne fasilitetar. Tre vart planta langs hovudgatene og 120 parafindrivne gatelampar vart installert i gatene i byen.


På slutten av 1880-talet hadde Vladivostok rundt 600 trehus og meir ein 50 steinbygningar, der nokre var to- og treetasjes bygningar. Dei viktigaste bygningane var samla i området ved dagens sentrale torg og Matrosskaja Sloboda (Seglarbyen)—eit territorium som strekkjer seg frå elva Objasnenija til trikkestoppestadne Gajdamak. Desse tala er ikkje spesielt store for ein 30 år gammal by. Men med tanke på at han ligg 10 000 km frå dei store kulturelle sentra i Det russiske imperiet og at det tok tre til fire månader før posten kom fram frå desse områda, så kan er det likevel imponerande.


På 1890-talet vart skipsrutene Kobe–Nagasaki–Vladivostok og Shanghai–Nagasaki–Vladivostok opna.


I 1891 starta bygginga av Den transsibirske jernbanen i Vladivostok. Dette er ein av dei lengste jernbanane i verda, og har vore særs viktig for utviklinga av mange fjerntliggande russiske distrikt. Strekning til Nikolsk (dagens Ussurijsk) vart opna i 1893, medan resten av Ussuribanen til Khabarovsk i nord vart opna i 1897, same år som det vart opna ei ny kommersiell hamn i Vladivostok. Direkte togsamband til Moskva, som den første tida gjekk gjennom Mandsjuria, starta i 1903.


På 1890-talet vart Vladivostok gradvis senter for ein konsentrasjon av russisk kultur og vitskap i Fjerne Austen. Byen var organisasjonssenter for ekspedisjonane til russiske utforskarar og vitskapsmenn, som N. M. Przjevalskij, S. O. Makarov, K. Arsenjev, V. L. Komarov (seinare president i Det sovjetiske vitskapsakademiet), m. fl. I 1899 vart den første institusjonen for høgare utdanning i det Fjerne Austen etablert. I dag inneheld han hovudbygningen til Fjerne Austens statlege tekniske universitet (FESTU).




Gater i Vladivostok rundt 1910


Frå 1899 til og med 1909 vart fire teater opna i Vladivostok. Det var Tikhy Okean-teateret (Stillehavet), Det offentlege teateret, som følgde dei kreative metodane til Moskva Artistiske Teater, Zolotoj Rog-teateret (Det Gyldne Horn) og Pusjkin-teateret, der gjesteframsyningar av Vera Komissarzjevskaja, ei kjend russisk skodespelarinne, fann stad. I 1912 kom avisa Teateret og musikken ut for første gong.


Under den russisk-japanske krigen i 1904–1905 gjekk ein japansk skvadron krigsskip til åtak på byen med over hundre skot. Kryssargruppa Vladivostok deltok i krigen, med å blokkere inngangen til den omleira byen Port-Arthur.


Under den første russiske revolusjonen var byen involvert i konflikten. Ved inngangen til 1906 var han til og med styrt av opprørarane sine militære einingar.


I perioden mellom de to russiske revolusjonane (1907–1917) vart det bygd ein jernbanestasjon i russisk 1600-talssstil, ein kraftstasjon, to jenteskular, handelsskulen og Versailles Hotel. Trikkar starta å operere i gatene. I 1909 vart hamna i alt vitja av 795 dampskip, inkludert 477 utanlandske skip. Det var rundt 3 000 butikkar og forretningar i Vladivostok. I 1913 gav dei lokale forlaga ut 61 forskjellige bøker på russisk og utanlandske språk.


Innan 1917 hadde Vladivostok vorte det største vitskapelege, kulturelle og industrielle senteret i russisk fjerne austen og det austlage Sibir. Mange aviser og magasin vart gjeve ut og den første teaterbygningen i stein vart bygd i byen.



Etter revolusjonen |




Parade av utanlandske intervensjonsstyrkar i Vladivostok i 1918




Ein plakat frå 1919 av den japanske okkupasjonen av Vladivostok. Legg merke til det russiske flagget som er i et fransk mønster


Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 byrja eit nytt kapittel i historia til Vladivostok, som det gjorde for resten av Russland. Væpna styrkar frå Trippelententen vart stasjonert i byen. 31. desember 1917 segla japanske, britiske og amerikanske kryssarar inn i Det gyldne horn-bukta. I april 1918 vart det japanske firmaet Isido angripe i Vladivostok. Som følgje av denne hendinga gjekk dei japanske og britiske styrkane i land under påskot av å verne sine borgarar. Bolsjevikske partisanar svarte med å gjennomføre ein geriljakrig i byen.


Frå 1916 til og med 1922 auka folketalet i Vladivostok frå 97 000 til 410 000, som følgje av at motstandarar av det nye regimet busette seg i byen etter å ha flykta austover saman med den kvite armeen. Av dei var rundt 650 representantar for den kreative intelligentsiaen i Moskva og St. Petersburg. Dei oppretta to konservatorium, to teater og fleire symfoniorkester i Vladivostok og de gav òg ut fleire kunstmagasin. Etter bolsjevikane sigra flytta dei fleste av desse personane til Australia, Kina, USA og andre land. I 1926 var folketalet i Vladivostok nede på 108 000 menneske.


25. oktober 1922 forlet de siste intervensjonisteiningane byen og Den raude armeen tok full kontroll. 15. november 1922 vart Fjerne Austen-republikken, som eksisterte frå 1920 til og med 1922, innlemma i RSFSR. Bolsjevikane som tok kontrollen over Russland forstod særs godt kor viktig Vladivostok var som ei stor russisk hamn ved Stillehavet og som Sovjetunionen sin utpost i aust. På 1920- og 1930-talet starta gjenoppbygginga av hamna i Vladivostok. På byrjinga av 1930-talet starta flyruter mellom Moskva og Vladivostok. I 1932 vart Vladivostok base for Stillehavsflåten.


Vitskap og kultur tok til seg anda i tida, som spegla seg att i ein sikksakk-utvikling for dei råka institusjonane. På byrjinga av 1920-talet vart Fjerne Austens statlege universitet oppretta i Vladivostok. På slutten av 1930-talet, under Stalin sitt regime, vart det stengt i tjue år. I 1925 vart Stillehavets vitskapeleg-kommersielle stasjon oppretta i Vladivostok. Han vart omorganisert til Forskningsinstituttet for fiskeri og oseanografi i Stillehavet (TINRO) i 1930. I 1932 vart Fjerne Austen-avdelinga av Det sovjetiske vitskapsakademiet oppretta i byen.


I 1926 byrja ein radiostasjon sendingar i Vladivostok. Tre teater og tre nye kinoar vart opna i byen i 1931. Samlinga til Primorje Billedgalleri vart danna mellom 1929 og 1931. Rundt 1000 kunstverk vart ført hit frå Eremitasjen, Det russiske museet og Tretjakovskaja-galleriet. Etter revolusjonen i 1917 vart mange museum i dei russiske provinsane oppretta etter dette prinsippet.


På 1930-talet starta masseundertrykkinga i landet og ein transittleir for politiske fangar frå dei vestlege delane av Russland til Dalstroj sine arbeidsleirar i Kolyma vart oppretta i Vladivostok. Fangane kom først med tog, men vart seinare transportert på fangeskip, under skrekkelge tilhøve. Fangane var først sovjetiske, etter 1939 frå Aust-Europa og etter slutten av den andre verdskrigen, japanske krigsfangar. Dei utgjorde ein stor del av arbeidsstyrken som bygde fabrikkar, hamner og byar i det fjerne austen frå 1930 til og med 1940-talet. Under Josef Stalin sitt styre vart òg mange etniske grupper som virka opprørske i augo til Stalin, som kinesarar, mandsjuar, jødar, ukrainarar, polakkar, krimtataraer, tsjetsjenarar og armenarar, deportert ut av området.[5]. Etter Stalin døydde i 1953 stansa stort sett transporten av fangar til gulag-leirane opp.


I 1954 vitja førstesekretæren i kommunistpartiet i Sovjetunionen, Nikita Khrusjtsjov, Vladivostok. Khrusjtsjov var den første leiaren for Russland eller Sovjetunionen som vitja byen og han pleidde å samanlikne Vladivostok med San Francisco.


Etter Khrusjtsjov vitja byrja ein periode med intensiv utvikling av byen. Fjerne Austen statlege universitet, det einaste klassiske universitetet i austlege delar av Russland heilt til i dag, vart gjenopna i 1956. Bydelane Vtoraja Retsjka (den andre elv), Morgorodok, Tsjurkin og Tikhajabukta vart intensivt utbygd på 1950- og 1960-talet. Dei siste store bustadblokk-områda i byen er frå 1980-talet. Frå 1950-talet til 1980-talet vart fiskeriindustrien i byen utvikla. I mange år var hamna i Vladivostok på topp med omsyn til fraktmengde av hamnene til Russland ved Stillehavet, men har nyleg vorte forbigått av Nakhodka. Vladivostok produserte òg store mengder produkt for militær bruk under den kalde krigen.


Frå 1958 til 1991 var Vladivostok ein lukka by. Det var ikkje høve for andre enn sovjetiske borgarar å bu i eller å vitje byen (og sjølv sovjetiske borgarar måtte skaffe offisiell løyve for å kunne reise inn i byen).


I 1974 vart det halde eit historisk møte mellom generalsekretæren i det sovjetiske kommunistpartiet, Leonid Brezjnev og den amerikanske presidenten Gerald Ford i Vladivostok. Men det skulle gå ytterlegare 20 år etter Ford vitja byen før vanlege borgarar i USA og andre land kunne vitje byen, som var hovudbase for Stillehavsflåten. Først 1. januar 1992, etter Sovjetunionen fall, vart Vladivostok offisielt opna for besøk frå utlendingar igjen.


Etter Sovjetunionen fall hamna store delar av det økonomiske livet i byen i ein vanskeleg situasjon. Dette gjaldt i særleg selskap innan skipsbygging og -reparasjon, som tidlegare hadde vore knytt til og spesialisert til forsvarsindustrien.


I 1996 var det seks konsulat, korrespondentkontor til fire japanske TV-selskap, amerikansk informasjonskontor, meir enn 100 representantkontor for utanlandske selskap og rundt 600 joint venture-verksemder i Vladivostok.



Geografi |



Plassering |




Satellittbilete av Vladivostok, 2002


Vladivostok ligg ved Japanhavet, rundt bukta Zolotoj Rog (Det gyldne hornet) på sørspissen av den 30 km lange og rundt 12 km breie Muravjov-Amurskijhalvøya i Peter den store-bukta. Byen omfattar halvøya nord til Trudovoje, samt rundt 20 øyar, der den største er Russkijøya like sør for byen.


Det høgaste punktet i den historiske delen av byen er «Ørnereiret» med 199 m, medan det høgaste punktet innanfor dagens bygrense er Kholodilnik med 257 m. I forstadane finst høgare fjell, der det høgaste er Varginafjellet på 458 m. På Varginafjellet ligg det største fortet i Vladivostok festning - Peter den store-fortet nr. 2.


Vladivostok ligg på same breiddegrad som Sapporo, Sukhumi, Almaty, Firenze, Marseille, La Coruña, Boston og Toronto.


Jernbaneavstanden til Moskva er 9 302 km, (6 430 km i rett linje). Avstanden til Bangkok er 5 600 km, til San Francisco—8 400 km, til Seoul—750 km, til Tokyo—1050 km og til Beijing—1331 km.


Vladivostok var næraste større by til den massive Sikhote-Alin-meteoritten, som 12. februar 1947 fall ned i Sikhote-Alin-fjella, rundt 440 km nordaust for Vladivostok.



Namn |


Namnet Vladivostok (Владивосток) kan lausleg omsetjast som «hersk over Austen». Namnet er basert på Vladikavkaz, som på den tid var ei russisk festning i Kaukasus. Det tradisjonelle kinesiske namnet på byen er Hǎishēnwǎi (海参崴; òg uttalt Hǎishēnwēi, som tyder «sjøpølseklippene»). I Folkerepublikken Kina er han i dag oftast kjent under transliterasjonen Fúlādíwòsītuōkè (符拉迪沃斯托克)[6] men ikkje på Taiwan (Republikken Kina).[7] Det japanske namnet på byen er Urajiosutokku (ウラジオストック; ein grov transliterasjon av det russiske namnet, opphavleg skrive i Kanji som 浦塩斯徳 og ofte forkorta til Urajio; ウラジオ; 浦塩). På koreansk vert namnet transliterert som Beulladiboseutokeu (블라디보스토크) i Sør-Korea, Ullajibosŭttokhŭ (울라지보스또크) i Nord-Korea og Beullajiboseu-ttokeu (블라지보스또크) av koreanarar i Kina.



Demografi |

























































Utviklinga av innbyggjartalet (i tusen)
År
1897
1923
1926
1939
1956
1959
1962
1967
1970
1973
1976
1979
1982
1986
1989
1992
1996
1998
2000
2002
2005
2007
Innb.
28,9
98,9
102,5
206,5
265
291
325
397
441
481
521
549,7
576
608
633,8
648
627
618,6
606,2
594,7
586,8
580,8



Folketalet i byen var 594 701 ved folketeljinga i 2002[8], ein nedgang frå 633 838 ved folketeljinga i 1989. Etniske russarar og ukrainarar utgjer størsteparten av folkesetnaden.


Før Stalin-tida hadde byen store koreanske og kinesiske folkesetnader.[9], men på grunn av deportasjonane på 1930-talet var desse gruppene stort sett borte innan 1939. Enkelte av koreanarane som vart deportert frå russisk fjerne austen under styret til Stalin har seinare returnert, spesielt til Vladivostok.[10] I det siste har òg nordkoreanske flyktningar starta å busetje seg i byen.


Mange kinesiske ulovlege innvandrarar har nyleg flytta til byen. Dei arbeider som regel i detaljhandel, catering og jordbruksindustrien. Dette vert sett på som eit så alvorleg sosialt og økonomisk problem for enkelte at regjeringa aktivt vedtar lover mot dei. [11]


Vladivostok har eit av dei største armenske samfunna i det austlege Russland. Det er mange armenske bakeri og restaurantar i byen. Det er òg større grupper av tsjetsjenarar, azeriar og tadsjikar i byen.[12] I følgje dei siste statistikkane er det for tida rundt 100 000 muslimar busett i Russisk fjerne austen.[13]



Administrativ inndeling |


Vladivostok er inndelt i fem bydistrikt:






































Bydistrikt Innbyggjartal 9. oktober 2002[8]
Innbyggjartal 1. januar 2007[1]
Frunzenskij 58 338 56 966
Leninskij 151 532 146 851
Pervomajskij 153 051 153 632
Pervoretsjenskij 138 266 132 781
Sovetskij 93 514 90 591
TOTALT 594 701
580 821

Byen administrerer òg nokre tettstader og ein del landsbygd utanfor sjølve bygrensa:






































Bydistrikt Innbyggjartal 9. oktober 2002[8]
Innbyggjartal 1. januar 2007[1]
Vladivostok 594 701 580 821
Popova 1 316 Ingen opplysning
Russkij 5 204 Ingen opplysning
Trudovoje 18 935 Ingen opplysning
Landsbygd 533
26 512
TOTALT 620 689
607 333


Klima |




Gjennomsnittleg nedbør og temperatur



  • Köppen si klimaklassifisering: Dwb (monsun-påvirket fuktig kontinentalklima, varme somrar)


  • Årleg normaltemperatur: 4,3 °C

  • Normaltemperatur i august: 20,2 °C

  • Varmerekord: +34,1 °C (21. august 1921 og i juli 1939)

  • Normaltemperatur i januar: -13,7 °C

  • Kulderekord: -30,3 °C (10. januar 1931)



  • Gjennomsnittleg årsnedbør: 722 mm (sterkt sommermaksimum)

  • Høgaste målte døgnnedbør: 243,5 mm (13. juli 1990, tyfonen «Robin»)

  • Høgaste målte månadsnedbør: 405 mm (juli 2005)




Om vinteren er vêret i Vladivostok kaldt og tørt, med lange periodar med frost og klårvêr. Vinteren har i gjennomsnitt 27 dagar med nedbør, hovudsakleg som snø, men av og til òg som sludd og regn. Snøstormer oppstår i gjennomsnitt 8-9 dagar kvar vinter, ikkje sjeldan med vindstyrker på over 20 m/s (sterk kuling) og med problem for transport og næringsliv som resultat. Mildvêrsperiodar kan oppstå gjennom heile vinteren og varer vanlegvis i ein til to dagar.


Våren er lang og kjølig og vert kjenneteikna av hyppig veksling mellom varmt og kaldt vêr, med tildels store og raske temperatursvingingar. I løpet av eit døgn har det vorte målt temperaturskilnnader på 10 – 15 °С.


Sommaren i Vladivostok er varm og fuktig og varer i gjennomsnitt 142 dagar. Den lengste sommaren vart målt i 1967 med 174 dagar og den korteste i 1969 med 116 dagar. Sommarvêret er vekslande, med mange kraftige regnbyer på grunn av tyfonar og frontar. Første halvdel av sommaren er det ofte overskya, med mykje tåke.


Hausten fører med seg klårt, tørt og relativt varmt vêr. Den første frosten kjem som regel rundt 25. oktober, men det kan òg kome frost i starten av oktober. Den første snøen kjem vanlegvis i midten av november.


Tyfonen som har medført størst materiell skade i Vladivostok skjedde 7. august 2001. Mange stader vart vegar og jernbanelinjer øydelagd av flaum. Mellom anna vart jernbanebrua frå 1897 over elva Sedanka, 11 km nord for byens sentrum, skylt vekk og Vladivostok vart dermed isolert frå den transsibirske jernbanen.



Miljø |




Industri i Vladivostok


To tredjedelar av forstadane i Vladivostok er så forureina at det vert rekna som helsefarleg å bu der, i følgje dei lokale økologiske spesialistane, Ecocenter. Nokre område, slik som nær trykkeria i Pokrovskijparken og ved campus til Fjerne Austens nasjonale universitet, er så forureina at dei er definert som økologiske katastrofesoner. Berre nokre få område har tillatte forureiningsnivå. Professor Boris Preobrazjenskij, ein leiande økolog ved Stillehavs-instituttet for geografi sa at det var ingen stedar i Vladivostok-området det det virkeleg var sunt å bu.


Ecocenter-rapporten tok ti år å utarbeide og vert rekna som den mest omfattande i sitt slag. Han vart basert på analyse av over 30 000 prøvar av vatn, snø, jord, luft og vevsprøvar frå innbyggjarane mellom 1985 og 1993. Prøvane viste ein tydlege stigning over den perioden i nivåea av tungmetall, som kadmium, kobolt, arsen og kvikksølv, som har alvorlege verknader på luftvegs- og nervesystema.


Forureininga har fleire årsaker, i følgje Ecocenter sin geokjemiske ekspert Sergej Sjlykov. Vladivostok har rundt 80 industriverksemder, som ikkje er særskild mykje samanlikna dei mest industrialiserte områda i Russland, men dei rundt byen er særskild miljøskadelege, slik som kraftverk, trykkeri, skipsbygging og reparasjon, pelsfarmar og gruvedrift. I tillegg har Vladivostok ein særleg sårbar geografi, som forsterkar effektane av forureining. Vinden kan ikkje fjerne forureininga frå nokre av dei mest folketette områda rundt Pervaja og Vtoraja Retsjka, sidan dei ligg i søkk som vinden bles over. I tillegg er det lite snø om vinteren og ingen blad eller gras som kan fange og binde opp støvet.[14]


Den 10. august 1985 skjedde ein eksplosjon i kjernereaktoren på ein sovjetisk ubåt i Tsjazjmabukta like aust for Vladivostok. Ti soldatar døydde i eksplosjonen. Ulukka medførte eit stort radioaktivt utslepp til bukta og eit skogsområde på rundt 2 km² aust for basen. [15][16]



Økonomi og næringsliv |



Handel og industri |




Hamna i Vladivostok


Vladivostok er den viktigaste Stillehavshamna i Russland og hovudnæringa i byen er skipsfart, kommersielt fiske og basen til den russiske Stillehavsflåten.


Den russiske flåten av fiskefartøy og kjøleskip i Stillehavet er basert i Vladivostok og fiskeria står for nesten fire femtedelar av den kommersielle produksjonen i byen. Byen har òg ein stor næringsmiddelindustri, mellom anna fiskefabrikkar, bakeri, slakteri, eit meieri, ein fabrikk for søtsaker og ein fabrikk for drikkevarer (likør, vodka, øl og alkoholfrie drykk).


Byens mekaniske industri omfattar i hovudsak skipsbygging og -reparasjon, samt produksjon av utstyr til fiskeflåten (reiskap, instrument og radioutstyr). Innan lettindustri finst tekstilfabrikken «Zarja» (Daggry), samt bygningsindustri, med fabrikkar for byggematerial, element i armert betong og selskap innan storskala husbygging.


I 2002 utgjorde den årlege internasjonale handelen til Vladivostok rundt 780 millionar USD, fordelt med 350 millionar USD på eksportvarer og 480 millionar USD på import. Dei viktigaste eksportvarene var fisk, tømmerprodukt, metall og skip. Dei viktigaste importprodukta var matvarer, medisin, klede, fottøy, bilar og forbruksvarer.[17]


Næringslivsmessig er Vladivostok viktig gjennom den nærliggande plasseringa til Kina og gjennom ferjesambandet til Japan. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har mange selskap starta avdelingar i Vladivostok, for å nyttiggjere seg den gunstige plasseringa til byen.


Byen ligg rundt 100 km frå den kinesiske grensa, så kinesarane speler ei viktig rolle i næringslivet. Dette gjeld til dømes innan gambling, som ikkje er lov i Folkerepublikken Kina, men der Vladivostok representerer ei overvakingsfri sone.



Transport |




Vladivostok jernbanestasjon


Den transsibirske jernbanen vart bygd for å knyte det europeiske Russland til Vladivostok. Jernbanen vart fullført i 1905 og gjekk frå Moskva til Vladivostok via fleire av dei viktigaste byane i Russland. Delar av jernbanen, den austkinesiske linja, gjekk på den tid gjennom Mandsjuria i Kina og passerte gjennom Harbin, ein stor by i Mandsjuria.


I Zolotoj Rog-bukta ligg hamna i Vladivostok, med skipsverft og fiskeforedlingsindustri. Hamna representerer det sentrale omlastingspunktet mellom den transsibirske jernbanen og skipsfarten på Stillehavet. Byen har òg andre hamneområde, mellom anna i Diomidbukta aust for Zolotoj Rog.


Den føderale hovudvegen M60 har det sørlege endepunktet i byen. Han startar i Khabarovsk, 760 km lengre nord og følgjer Ussuridalen sørover til Vladivostok.


Vladivostok internasjonale lufthamn ligg ved Artjom, 44 km nord for Vladivostok, med veg- og jernbanesamband inn til bysentrum. Frå Vladivostok går det flyruter til dei fleste store byane i Russland og til Japan, Folkerepublikken Kina, Nord-Korea (uregelmessig), Sør-Korea og Vietnam. På 1990-talet gjekk det òg rutefly til Anchorage og Seattle, men desse rutene vart seinare nedlagd, før Vladivostok Air frå juli 2008 starta flyruter til Anchorage igjen.


28. juni 1908 starta den første trikkelinja i Vladivostok langs Svetlanskajagata frå jernbanestasjonen i Lugovajagata. I dag består det offentlege transportnettet av trolleybussar, bussar, rutetaxi, trikkar, tog, den einaste kabelbanen i Russland, samt ferjer og båtar mellom dei to sidene av bukta og øyane i Peter den store-bukta. Dei viktigaste trafikklinjene er bysentrum—Vtoraja Retsjka, bysentrum —Baljajeva og bysentrum —Lugovajagata. I dei siste åra av Sovjetunionen vart det planlagt ein tunnelbane i Vladivostok, men desse planane er lagt på is og det er for tida ingen planer om å bygge ein undergrunnsbane i byen.


Byen er delt i to av Zolotoj Rog-bukta, med påfølgjande transportproblem mellom bydelane. Det har lenge eksistert planer om ei bru over bukta, men dei er så langt ikkje vorte gjennomført.


Mange vitjande til byen er overraska over kor få russiskproduserte bilar det er i Vladivostok. dei fleste bilane er produsert i Japan eller Sør-Korea og det foregår ein stor import av bruktbilar frå desse landa til Vladivostok. Sidan Japan har venstrekjøring har mange av desse bilane rattet på høgre side.



Telekommunikasjon |


11. oktober 1869 vart det innvilga konsesjon for legging av telegrafkablar til Japan og Kina og i 1871 vart Vladivostok knytt til Nagasaki og Shanghai via ein undervasskabel lagt av Det Store Nordiske Telegraf-Selskab.


Den første telefonsentralen vart oppretta i Vladivostok 29. oktober 1884. Han vart utstyrt med 8 nummer og knytte politistasjonen til brannvakttårnet. I februar 1926 fekk Vladivostok telefonsamband til Khabarovsk og i 1938 vart ein 12-linjers telefonkabel Moskva — Khabarovsk — Vladivostok sett i drift.


Innan byen vert det nytta sekssifra telefonnummer. Den totale kapasiteten på telfonsystemet var pr. 2004 på 238 000 nummer, medan talet på abonnentar var 201 500. Hovudoperatør er Primorje-greina av aksjeselskapet «Dalsvjaz» (russisk: ОАО Дальсвязь).


Det er for tida 10 operatører for innenlandske og internasjonale kommunikasjontenester i Vladivostok. (Vostoktelekom, Vladinterlink, VMTS, DTK, Informatsionnye tekhnologii, InKKomp Limited, NTK, Spetstekhnika, SiTel, Golden telekom), 4 operatørar for mobiltelefoni (MTS-Primtelefon, Akos, NTK, Megafon) og 13 internetleverandørar (Dalsvjaz, Vostoktelekom, DVO RAN (Det russiske vitenskapsakademiet), ROL, SiTel, NTK, OOO «RTK transit», OOO «Internet», Ekvant, Enforta, Vladivostok Telekom, Vladlink, AljansTelekom).



Media |


Over femti aviser og regionale tillegg til Moskva-publikasjonar kjem ut i Vladivostok. Den største avisa i Primorskij kraj og heile det austlege Russland er Vladivostok, med eit opplag i 1996 på 124 000. Avisa vert eigd av aksjeselskapet Vladivostok-News, som òg gjev ut ei vekentleg engelskspråkleg nettavis Vladivostok News. Ein annan informasjonskjelde om byen er den daglege Vladivostok Times. Avisa Zolotoy Rog (Gyldne Horn) omhandlar økonomiske nyhende. Materiale om underhaldning og kulturnyhende utgjer ein stor del av avisa Novosti (Nyhende), som er den mest populære hos dei yngre innbyggjarane i Primorje.


Pr. 2006 var det fjorten TV-kanalar som sendte i byen, samt sju radiostasjonar.



Utdanning og kultur |



Vitskap og høgare utdanning |


I Vladivostok ligg Presidiet i Fjerne Austen-avdelinga av Det russiske vitskapsakademiet (ДВО РАН), så vel som ti av forskningsinstitutta, samt Forskningsinstituttet for fiskeri og oseanografi i Stillehavet (Тихоокеанский научно-исследовательский рыбохозяйственный центр eller ТИНРО).


I Vladivostok ligg òg talrike utdanningsinstitusjonar, inkludert seks universitet:




  • Fjerne Austens nasjonale universitet (Дальневосточный государственный университет, eller ДВГУ),


  • Fjerne Austens statlege tekniske universitet (Дальневосточный государственный технический университет имени Куйбышева er ДВГТУ),

  • Det statlege Marineuniversitet (Морской государственный университет имени адмирала Г.И. Невельского),


  • Vladivostoks statlege universitet for økonomi og tenester (Владивостокский государственный университет экономики и сервиса eller ВГУЭС),


  • Vladivostoks statlege medisinske universitet (Владивостокский государственный медицинский университет), og


  • Det statlege økonomiske universitet for Stillehavet (Тихоокеанский государственный экономический университет).



Kulturliv |


Som senter i Primorje-regionen har Vladivostok eit rikt kulturliv. Det finst fleire museum, mellom anna eit arkeologisk og etnografisk museum, eit bokmuseum, eit krigshistorisk museum, eit vitskapsmuseum samt fleire kunstgalleri og utstillingssenter.


Byen har fleire teater, ein filharmoni, ei opera og fleire kultursenter. Kvart haust vert det organisert to internasjonale festivalar i byen, den internasjonale filmfestivalen for den asiatiske stillehavsregionen og den internasjonale jazzfestivalen i Vladivostok.


Eit av dei mest kjende rockebanda i Russland, Mumij Troll (russisk: Мумий Тролль), kjem frå Vladivostok og opptrer ofte i byen. Vladivostok var òg vertsby for den no legendariske internasjonale musikkfestivalen «VladiROCKstok» i september 1996.



Idrett |


Vladivostok er heimby for fotballklubben FC Lutsj-Energija Vladivostok, som spelar i russisk eliteserie og basketballklubben Spartak-Primorje.



Religion |


I multinasjonale Vladivostok er praktisk talt alle verdsreligionane og mange nasjonale og synkretiske trusretningar representert. Kristne trusretningar, særskild russisk-ortodokse, er dei mest utbreidde.



Kjende personar frå Vladivostok |




  • Igor Ansoff, matematikar


  • Vladimir Arsenjev, utforskar


  • Yul Brynner, skodespelar


  • Boris Gryzlov, politikar


  • Igor Tamm, fysikar og nobelprisvinnar


  • Mumij Troll, russisk rockegruppe



Internasjonale samband |




Fokingata sentralt i Vladivostok i mars 2004


Det russiske utenriksdepartementet har ein representasjon i Vladivostok.



Konsulater |


Statar med konsulat i Vladivostok:


Generalkonsulat:




  • Vietnam Vietnam


  • India India


  • Kina Folkerepublikken Kina (avdeling av generalkonsulatet som ligg i Khabarovsk)


  • Nord-Korea Nord-Korea (ligg i Nakhodka, Vladivostok ligg i konsulatdistriktet)


  • Sør-Korea Sør-Korea


  • USA USA


  • UKraina Ukraina


  • Japan Japan


Honorære konsulat:




  • Australia Australia


  • Armenia Armenia


  • Bangladesh Bangladesh


  • Storbritannia Storbritannia


  • Tyskland Tyskland


  • Flag of Canada.svg Canada


  • New Zealand New Zealand


  • Flag of Thailand.svg Thailand


  • Filippinane Filippinane


  • Flag of Chile.svg Chile



Venskapsbyar |


Vladivostok er venskapsby til:




  • Japan Niigata (Japan)


  • Japan Akita (Japan)


  • Japan Hakodate (Japan)


  • Sør-Korea Busan (Sør-Korea)


  • Kina Dalian (Kina)


  • USA San Diego (USA)


  • USA Juneau (USA)


  • USA Tacoma (USA)



Referansar |





  1. 1,01,11,2 Publikasjonen Innbyggjartal for administrative einingar i Russland 1. januar 2007 (av ROSSTAT)


  2. Erika Fatland: Grensen - En reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kashakstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge, samt Nordøstpassasjen side 123


  3. FEGI.ru «Bohai-riket (698-926)» (russisk)


  4. FEGI.ru «Vladivostok si historie» (russisk)


  5. Meredith Jung-En Woo (2006). «Tracing the Steps of Stalin's Unreliable People: Koryo Saram». The Journal of the International Institute. University of Michigan. 14 (1): 1-3. 


  6. Døme på 中国驻符拉迪沃斯托克领事办公室正式开馆 (kinesisk)


  7. National Institute for Compilation og Translation Academic Noun Search (kinesisk)


  8. 8,08,18,2 Innbyggjartal for administrative einingar i Russland ved folketeljinga 9. oktober 2002. (excelfil)


  9. Vladivostok News Online


  10. Vladivostok News: «Coming home», 4. sept. 1997


  11. BBC, «Russland's Far East looks to China»


  12. Asia Pacific Media Services Ltd., «Russisk Far East: Crime Central»


  13. Vladivostok News, «Mosque og chapel to preach tolerance», jan. 2006


  14. B. V. Preobrazhensky, A. I. Burago, S. A. Shlykov. Primorye Ecology. Ecological Situation. Contamination ofhavet og Water


  15. Johnston's Archive, «K-431 submarine reactor accident 1985»


  16. David Hoffmann: «Reactor Blast Shows Danger Of Aging Subs», Washington Post, 16. november 1998


  17. vlc.ru (Vladivostoks offisielle nettsted): «Dynamikk og struktur i Vladivokstoks utenrikshandel» (russisk)




Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Vladivostok» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2008.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  • Trofimov, Vladimir et al, 1992, Old Vladivostok. Utro Rossii Vladivostok, ISBN 5-87080-004-8

  • Poznyak, Tatyana Z. 2004. Foreign Citizens in the Cities of the Russian Far East (the second half of the XIX - XX centuries). Vladivostok: Dalnauka, 2004. 316 s. (ISBN 5-8044-0461-X).

  • Stephan, John. 1994. The Far East a History. Stanford: Stanford University Press, 1994. s. 481 .







Bakgrunnsstoff |




  • Offisiell nettstad (russisk)


  • Vladivostok-portal (russisk)


  • Kart over Vladivostok (engelsk)


  • Reiseguide til Vladivostok (engelsk)


  • Flyfoto-galleri over Vladivostok (engelsk)


  • Photovladivostok - fotogalleri (russisk)


  • Gamle Vladivostok (russisk)


  • Webkamera frå Vladivostok (russisk)


  • Museum i Vladivostok (museum.ru) (russisk)










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva