Sikhismen








































Sikhismen

Khanda.svg

Sikh-guruar

Skrifter

Guru Granth Sáhib

Bani - «Tjaupai»

«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»

«Mul Mantra» - «Sukhmani»

Dasam Granth

Religionsfilosofi

Nám djapo (Gudsteneste)

kirat karni (ærleg arbeid)

vand kay sjako (del goda)

tru - etikk - moral

Dei fem K-ane

kesj (uklipt hår)

kaṛa (stålarmband)

kangha (stålkam)

katjha (knesid underbrok)

kirpán (sabel, evt. dolk)

Heilage stader

Amritsar

Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)

gurdvara

Folk og språk

Panjab - panjabi

sikhar - gurmukhiskrift

Abrahamittiske rel.

Jødedom  kristendom

islam  bahá’í  sikhisme

Indoiranske religionar

parsisme - hinduisme

djainisme - buddhisme

sikhisme - bahá’í

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av guru Nának sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Panjab i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islam og hinduisme, men sikhane sjølv ser på det som ein heilt ny religion. Etter guru Nának vidareutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er panjabi og tyder ‘elev’.




Ein gurdvara.




Innhaldsliste






  • 1 Religionsutøving


  • 2 Tru


  • 3 Dei ti sikh-guruane


  • 4 Andre sentrale personar i sikhismen


  • 5 Sikhisme i Skandinavia


    • 5.1 Noreg


    • 5.2 Sverige


    • 5.3 Danmark




  • 6 Sjå òg


  • 7 Bakgrunnsstoff


    • 7.1 Generelt om sikhismen


    • 7.2 Skandinavia







Religionsutøving |


Den heilage boka åt sikhane, Sri Guru Granth Sáhib dji, blir rekna som den ellevte guruen. Sikhar møtest til gudsteneste i tempel som blir kalla gurdvaraer.




Mannleg sikh med turban.
Foto: Harkanwal Singh



Alle religiøst innvigde mannlege sikhar, og ein del kvinnelege sikhar òg, ber i utgangspunktet fem kjennemerke, kjend som dei fem K-ane. Dette er kaṛa, eit armband, kirpán, ein sabel (evt. ein liten dolk-liknande mini-sabel), kesj, langt hår, kangha, ein stålkam, og katjha, underbukser. Det var den siste levande guruen, guru Gobind Singh, som gav bod om dette, og i dag skil sikhar seg ut mange stader ved dei store turbanane dei bruker til å ha rundt det lange håret.



Tru |


Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud blir ein frelst og slepp atterføding. Kontakt får ein gjennom å besøkje ulike guruar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanleg i hinduismen. I sikh-trua er slike ritar knytte til eit materielt jordliv. Dei kan derfor ikkje frelsa menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Gud sitt namn, sjabad, Gud sitt ord og Satsang, selskap med fromme og heilage folk, er vegene til frelse.


Sikh-religionen inkluderer tru på karma på liknande vis som i hinduismen, men det blir òg lagt vekt på at det berre finst éin gud. Nokre element av sikh-religionen kan minne om bhakti-miljøa innanfor hinduismen medan andre element minner om muslimsk sufisme.


Religionen vart mykje utsett for åtak frå muslimske herskarar under sine tidlege år, noko som førte til ei sterk samkjensle og til militarisering.





Dei ti sikh-guruane |




  1. Guru Nának (Dev) (1469–1539) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet blygskap.


  2. Guru Angad Dev (1504–1552) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet lydnad.


  3. Guru Amar Das (1479–1574) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet likskap.


  4. Guru Ram Das (1534–1581) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet teneste.


  5. Guru Ardjan Dev (1563–1606) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet sjølvoppofring.


  6. Guru Har Gobind (1595–1644) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet rettferd.


  7. Guru Har Rai (1630–1661) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet miskunn.


  8. Guru Har Krisjan (1656–1664) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet reinskap.


  9. Guru Teg Bahadur (1621–1675) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet ro.


  10. Guru Gobind Singh (1666–1708) — blir sett som eit symbol på det guddomlege attributtet kongeleg mot.





Andre sentrale personar i sikhismen |



  • Mata Khivi (1506–1582) — kona til guru Angad Dev — er kjend for å ha grunnlagt langár-måltidet. Ho er den einaste kona av nokon av dei ti guruane som er nemnd i Guru Granth Sáhib.




Sikhisme i Skandinavia |



Noreg |




















































Statistikk over sikhar i Noreg
År Offisielt medlemstal
og grunnlag for
offentleg stønad
Prosent av totalt medlemstal
i registrerte trussamfunn
utanom Den norske kyrkja
1971 (tal manglar)
1980 (tal manglar)
1990 1 078 0,6 %
2000 1 772 0,7 %
2001 1 974 0,7 %
2002 2 172 0,8 %
2003 2 404 0,8 %
2004 3 110 1,0 %
(Kjelder: [1], [2])

De fleste av dei noko over 3 000 sikhane i Noreg bur i eller ved Oslo. Det finst to gurdvaraer i Noreg — den eine, Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji, ligg på Alna i Oslo og den andre ligg i Drammen.



Sverige |


Dei første sikhane kom til Sverige i byrjinga av 1970-åra, men sikh-samfunnet vart ikkje formelt organisert før tidleg i 1980-åra, da Gurdwara Sangat Sahib i Stockholm vart organisert. I dag finst det òg ein gurdvara i Göteborg og det har funnest ei foreining for sikhar i Malmö òg. Det nøyaktige talet sikhar i Sverige er ikkje kjent, men først i 2000-åra reknar ein med at i overkant av 1 000 sikhar budde i Sverige.



Danmark |


Det nøyaktige talet sikhar i Danmark i dag er ukjent, men det dreier seg truleg om kring 1 000 personar eller familiar.[3] Det finst éin gurdvara i Danmark — Gurdwara Siri Guru Singh Sabha i Vanløse.



Sjå òg |



  • Sikhar

  • Gurmukhiskrift

  • Panjab

  • Panjabi



Bakgrunnsstoff |



Generelt om sikhismen |




  • SikhiWiki — eit uavhengig MediaWiki-prosjekt om sikhismen

  • Shri Guru Granth Sahib Complete Audio, Kirtan Videos

  • Eternal Glory of Baba Nand Singh Ji Maharaj

  • Baisakhi Home : Greeting Cards and Tribute

  • Sikh-History.com :: An invaluable source of sikh history and discussion forum

  • SikhLionz.com :: The First Resource for Sikhism, the Khalsa Panth and Punjabi culture

  • SikhPhilosophy.Net :: An Interactive Resource on Sikhism and World Religions, Philosophies

  • The Sikhism Home Page

  • Sikhism Thy Name Is Love And Sacrifice

  • Info-sikh a wealth of information on Sikhism

  • SikhNet.com

  • Sikh Videos Gurbani Kirtan

  • SikhitotheMax.com

  • ProudtobeSikh.com

  • SGGS Translation by SriGranth.org

  • Sikhifm.com

  • SikhPoint.com

  • AllAboutSikhs.com

  • Sgpc.net

  • Sikh.net



Skandinavia |




  • Sikher.no - Heimesidene til Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji på Alnabru i Oslo.

  • HSS Faktablad - Sikhismen i Sverige


  • Sikhismen i Danmark

    Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva