Platanlønn
Platanlønn | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Familie: | Lønnefamilien Aceraceae | |
Slekt: | Acer L. | |
Art: | L. pseudoplatanus | |
Vitskapleg namn | ||
Acer pseudoplatanus L. |
Platanlønn | |
Namn på andre språk | |
---|---|
Svensk | Tysklönn, sykomorlönn |
Dansk | Ahorn, Ær, Valbirk |
Engelsk | Sycamore |
Tysk | Bergahorn |
Fransk | Érable sycomore |
Spansk | Arce blanco, arce plátano falso, sicomoro |
Russisk | Kljon belyj (Клён белый) |
Platanlønn (Acer pseudoplatanus) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreeiing i sentral- og Sør-Europa, nord til Paris, og som har vore planta i Noreg som prydtre sidan midten av 1700-talet. Her er platanlønnen naturalisert både i barskog og lauvskog, og i rask spreiing, spesielt i kyst- og fjordstrok. Tilpasningsevna har ført til at artsdatabanken har ført platanlønnen opp på med svært høg økologisk risiko i fremmedartlista.
I følgje Alan Mitchells Trær i skog og hage var det romarane som introduserte platanlønnen til Sør-Europa.
Platanlønnen har vid, kuppelforma krone, i Noreg vert han opp til 20 m høg. Med blad virkar treet mørkt og tett. Kvistene er snaue, blada er håra, blågrøne med eit raudskjer på undersida. Blada har fem lappar med grov, ujamn sagtakking. Lappane er buttare enn hos spisslønn, men flikane mellom lappane er spissare enn hos spisslønnen.
Platanlønnen blomstar med hengande klasar litt etter lauvsprett. Han set karateristiske frø med to vengar som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengane er spiss. Ungplantane toler godt å vekse i skygge, slik kan platanlønnen lett etablere seg i annan lauvskog.
Galleri |
Blad
Platanlønnfrø
Kjelder |
- Alan Michell: Trær i skog og hage. Oslo 1977. ISBN 82-10-01282-7 * Johannes Lid: Norsk flora. Oslo 2004 ISBN 82-521-6029-8
Knut Skinnemoen: Skogskjøtsel Oslo 1968
Bakgrunnsstoff |
- Artsdatabankens tekst om platanlønn (NTNU)