Bread































Bread

Bread 1971.JPG
Bandet i 1971 – David Gates, Robb Royer, Jimmy Griffin, Mike Botts
Opphav
Los Angeles i California i USA
Sjanger
Softrock, folkrock
Aktive år 1968–73; 1976–78; 1996–97
Tilknytte artistar
The Remingtons
The Pleasure Fair
Toast/Radio Dixie
Plateselskap
Elektra, Rhino

Siste medlemmer

David Gates
Jimmy Griffin (død)
Robb Royer
Mike Botts (død)
Larry Knechtel (død)

Bread var eit USA-amerikansk softrockband frå Los Angeles. Dei klarte å få 13 songar inn på Billboard Hot 100-lista mellom 1970 og 1977, og var eit døme på det som seinare vart kalla softrock.


Bandet bestod av David Gates (vokal, gitar, bass, klaverinstrument, fiolin, bratsj, perkusjon), Jimmy Griffin (vokal, gitar, klaverinstrument, perkusjon), Robb Royer (bass, gitar, fløyte, klaverinstrument, perkusjon, blokkfløyte, korvokal), Mike Botts (trommer; kom med sommaren 1969) og Larry Knechtel (bass, gitar, klaverinstrument, munnspel; erstatta Royer i 1971).




Innhaldsliste






  • 1 Byrjinga og gjennombrotet


  • 2 Oppløysing og gjenforeining


  • 3 Etter oppløysinga


  • 4 Siste samankomst


  • 5 Diskografi


    • 5.1 Studioalbum


    • 5.2 Samlealbum


    • 5.3 Singlar




  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Byrjinga og gjennombrotet |




Bandet i 1970.


Før Bread vart danna hadde Gates arbeidd med Royer i eit tidlegare band, The Pleasure Fair, og produsert og arrangert albumet The Pleasure Fair for bandet i 1967. Royer introduserte så Gates for låtskrivarpartnaren sin, Griffin, og trioen slo seg saman i 1968 og fekk kontrakt med Elektra Records i januar 1969, etter å ha valt namnet «Bread» seint i 1968, visstnok etter å ha sete fast i trafikken bak ein lastebil frå Wonder Bread. Den første singelen til gruppa, «Dismal Day», kom ut i juni 1969, men nådde ikkje listene. Debutalbumet deira, Bread, vart gjeve ut i september 1969 og nådde 127. plass på Billboard 200. Gates skreiv halvparten av songane, medan Griffin og Royer skreiv den andre halvparten. Jim Gordon, ein studiomusikar, spelte trommer på albumet.


Sommaren 1969 spelte Bread nokre konsertar med Gordon på trommer. Men då Gordon hadde andre planar, og ikkje lenger vart tilgjengeleg, henta dei inn Mike Botts som den faste trommeslagaren sin. Botts var med på det andre albumet, On the Waters (som nådde 12. plassen på Billboard 200). Denne gongen fekk Bread gjennombrotet sitt og nådde toppen av Billboard Hot 100 med «Make It with You» i 1970. «Make It with You» vart den einaste førsteplassen til Bread på Hot 100.


For den neste singelen sin, spelte dei inn ein ny versjon av «It Don't Matter To Me», ein song av Gates frå det første albumet deira. Denne singelen vart òg ein hit og nådde 10. plassen i USA. Bread byrja å turnere og spelte inn albumet Manna i 1971 (21. plass), med singelen «If». Som med det første albumet var halvparten av songane skrivne av Gates og den andre halvparten av Griffin-Royer.


Royer slutta i gruppa etter tre album, men heldt fram å skrive musikk med Griffin, og vart erstatta av Larry Knechtel, ein leiande studiomusikar i Los Angeles som hadde spelt piano på Simon & Garfunkel-songen «Bridge Over Troubled Water» i 1970. I januar 1972 gav Bread ut Baby I'm-a Want You, det mest populære albumet deira, som nådde tredjeplassen på Billboard 200. Tittelsporet vart ein hit seint i 1971, før albumet kom ut, og nådde òg tredjeplassen på singellista. Oppfølgjarane «Everything I Own» og «Diary» klarte begge å nå topp 20 i USA. Det neste albumet deira Guitar Man kom ut ti månader seinare og nådde 18. plassen på albumlista i USA. Det vart gjeve ut tre singlar frå albuemt som nådde topp 20, «The Guitar Man» (#11), «Sweet Surrender» (#15) og «Aubrey» (#15), og dei første to nådde toppen av Billboard's adult contemporary-lista.



Oppløysing og gjenforeining |


I 1973 gjorde turnering og mykje tid i studio til at bandmedlemmane byrja å bli trøytte av kvarandre, trass i suksessen dei hadde hatt, særleg mellom Gates og Griffin. Alle dei elleve Bread-singlane som hadde gått inn på listene mellom 1970 og 1973 hadde vore skrive og sungen av Gates. Elektra Records hadde berre plukka ut Gates sine songar som A-sider til singlane, medan Griffin meinte singlane burdere vere delt mellom dei to. Det var òg misnøye med kva songar som var planlagt for det sjette albumet. Bread valte derfor å gje seg.


Gates og Griffin gjekk attende til solokarrieren sine med blanda resultat. Samleplata The Best of Bread kom ut i 1973 og vart ein stor suksess, og nådde andreplassen på Billboard 200 og låg inne på lista i over to år. Oppfølgjaren The Best Of Bread, Volume Two kom ut i 1974 og nådde 32. plassen.


Bread kom saman att i 1976, då Elektra Records ønskte eit nytt Bread-album. Gates, Griffin, Botts og Knechtel gjekk i studio att det året og spelte inn eit album, Lost Without Your Love, som kom ut i januar 1977. Tittelsporet, igjen skriven og sungen av Gates, vart den siste hitten til bandet inne på topp 10, då han nådde niandeplassen på singellista. Albumet nådde 26. plassen på Billboard-lista og var det sjuande albumet deira på rad (inkludert dei to samlealbum) som selde til gullplate. I mars 1977 gav Elektra ut ein andre singel, «Hooked On You». Denne gjorde det ikkje så bra, med ein 60. plass på poplista, men nådde andreplassen på Adult Contemporary-lista. Dei fire medlemmane i Brad (i lag med studiogitaristen Dean Parks) turnerte heile 1977 for å marknadsføre albumet sitt. Etter ein kort pause la dei ut på den andre delen av turneen utan Griffin, som Gates ikkje inviterte med etter at kranglinga mellom dei to berre auka. Dei enda året utan fleire planar om å gå i studio eller turnere.



Etter oppløysinga |


I 1978 fekk Gates stor suksess som soloartist med hitsinglane «Goodbye Girl» (15. plassen, frå filmen The Goodbye Girl) og «Took the Last Train» (#30). Han turnerte så med Botts og Knechtel som «David Gates & Bread».


Etter å ha slutta i Bread i 1971 heldt Royer seg stort sett til å låtskriving (stundom i lag med Griffin). Og som med Griffin hadde han størst suksess med å skrive for countryartistar i 1980- og 1990-åra. I 1994 kom Royer, Griffin og Knechtel saman under namnet Toast. Knechtel hadde halde fram som studiomusikar, og spelte mellom anna for Elvis Costello. I 1994, etter å ha vore ute av søkelyset i tretten år, gav Gates ut eit nytt soloalbum, Love is Always Seventeen.



Siste samankomst |


I 1996 samla Gates, Griffin, Botts og Knechtel Bread for ein 25-årsjubileiumsturné i USA, Sør-Afrika, Europa og Asia. Dei hadde då med seg Randy Flowers (gitarar), Scott Chambers (bass) og ein strykeseksjon med seg og turneen vart ein stor suksess. Turnerte strekte seg godt inn i 1997 og vart site gongen dei originale medlemmane spelte i lag. Bread vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2006.


I 2005 døydde både Griffin og Botts av kreft 61 år gamle. I august 2009 døydde Knechtel av hjarteinfarkt 69 år gammal, og berre Gates og Royer er att av dei originale medlemmane.



Diskografi |



Studioalbum |





















































År

Tittel

Selskap

Salstrofé

Billboard 200
1969

Bread

Elektra

ingen

127
1970

On the Waters

Elektra

Gull

12
1971

Manna

Elektra

Gull

21
1972

Baby I'm-a Want You

Elektra

Gull

3
1972

Guitar Man

Elektra

Gull

18
1977

Lost Without Your Love

Elektra

Gull

26


Samlealbum |






































































År

Tittel

Selskap

Salstrofé
1973

The Best of Bread

Elektra

5x Platina
1974

The Best of Bread, Volume 2

Elektra

Gull
1977

The Sound of Bread

Elektra

ingen
1985

Anthology of Bread

Elektra

Platina
1989

The Very Best Of Bread

Pickwick

ingen
1996

David Gates & Bread Essentials

Elektra

ingen
1996

Retrospective

Elektra

ingen
2002

Make It With You And Other Hits

Flashback

ingen
2006

The Definitive Collection

Elektra/Rhino

ingen
2007

The Works

Warner Music Group UK

ingen


Singlar |


















































































































Dato
Tittel

US Billboard Hot 100

UK Singles Chart[1]
Merknad

Juli 1969
Dismal Day

-

-
Debutsingel. Nådde ikkje listene.

October, 1969
Could I

-

-
Skriven av Griffin/Royer; einaste Bread-singelen ikkje skriven av David Gates. Nådde ikkje lista.

13. juni 1970
«Make It with You»

1
[2]

5
[3]
Gullplate

26. september 1970
«It Don't Matter to Me»[2]

-
Ny versjon frå 1970, forskjellig frå 1969

2. januar 1971
«Let Your Love Go»

28
[2]

-


27. mars 1971
«If»

4
[2]

-
Toppen av Billboard Easy Listening chart spelt inn av Telly Savalas.

17. juli 1971
«Mother Freedom"

37
[2]

-


23. oktober 1971
«Baby I'm-a Want You»

3
[2]

14
[4]
Toppen av Billboard Easy Listening-lista. Selde til gullplate.

29. januar 1972
«Everything I Own»

5
[2]

32
[5]
Nådde toppen i Storbritannia med Ken Boothe i 1974, 93. plass med Crystal Gayle i 1983, og 1. plassen med Boy George.

22. april 1972
«Diary"

15
[2]

-


29. juli 1972
«The Guitar Man»

11
[2]

16
[6]
Nådde toppen av Billboard Easy Listening-lista

11. november 1972
«Sweet Surrender»

15
[2]

-
Nådde toppen av Billboard Easy Listening-lista

3. februar 1973
«Aubrey»

15
[2]

-


27. november 1976
«Lost Without Your Love»

9
[2]

27
[7]


16. april 1977
«Hooked On You»

60
[2]

-



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Bread (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 77. ISBN 1-904994-10-5. 


  2. 2,002,012,022,032,042,052,062,072,082,092,102,112,12 «Bread - Chart history». Billboard. Henta 2014-04-25. 


  3. «1970-09-12 Top 40 Official UK Singlar Archive». Official Charts. 1970-09-12. Henta 31. januar 2015. 


  4. «1972-02-05 Top 40 Official UK Singlar Archive». Official Charts. 1972-02-05. Henta 31. januar 2015. 


  5. «1972-05-20 Top 40 Official UK Singlar Archive». Official Charts. 1972-05-20. Henta 31. januar 2015. 


  6. «1972-10-28 Top 40 Official UK Singlar Archive». Official Charts. 1972-10-28. Henta 31. januar 2015. 


  7. «1977-01-29 Top 40 Official UK Singlar Archive». Official Charts. 1977-01-29. Henta 31. januar 2015. 







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • Allmusic om Bread

  • Uoffisiell nettstad





















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva