Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington





















Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington

Arthur Herbert, 1st Earl of Torrington.jpg

Fødd
1647
England
Død

13. april 1716
England


Yrke
politikar

Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington på Commons

Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington (1648–13. april 1716) var ein britisk admiral og politikar frå seint på 1600- og tidleg på 1700-talet. Han vart avsagt som kontreadmiral av Jakob II av England i 1688 for å ha nekta å stemme på opphevinga av Test Act, som hindra katolikkar frå ha embetsstillingar, og han førte invitasjonen til Vilhelm til Haag, forkledd som ein enkel sjømann. For dette vart han kommandant for invasjonsflåten til Vilhelm under den ærerike revolusjonen.


Torrington spelte ei viktig rolle i niårskrigen, og kommanderte den engelske og nederlandske flåten under slaget ved Beachy Head (10. juli 1690), eit alvorleg nederlag for den allierte flåten. Han vart for dette sett i fengsel i Tower of London og stilt for krigsrett for å ikkje ha støtta den nederlandske skvadronen i spissen av slaglinja mot franskmennene. Han vart derimot frikjend. Likevel mista han stillinga si som øvstkommanderande for marinen.


Han har fått æra for å vere den første som nytta uttrykket «fleet in being». Torrington unngjekk slag, med mindre han hadde særs gunstige tilhøve, fram til han fekk forsterkingar. Ved å halde på slik, ville han få den franske flåten til å halde seg i området og hindre dei i å gjere andre operasjonar.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Arthur Herbert, 1st Earl of Torrington» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva