Den gylne middelvegen

Den gylne middelvegen, framstilt som ei kvinne med eit overflødigheitshorn mellom ei ødsel og ei grisk. I bakgrunnen Ikaros med faren. Illustrasjon av Wenzel Hollar frå 1600-talet.
Den gylne middelvegen er ein filosofisk leveregel som går ut på at ein verken bør ha for mykje eller for lite av det gode. Han er særleg utbreidd i gresk filosofi, og ein viktig del av etikken til Aristoteles.
Leveregelen finst i fleire utgåver og er kjent allereie frå tidleg gresk litteratur. Han er mellom anna eit hovudmoment i soga om Ikaros, der faren Daidalos gjev Ikaros venger og oppmodar han om å følgja den midtre vegen, mellom sjøsprøyten og varmen frå sola. Ikaros lytta ikkje til faren, men flaug oppover mot sola, som smelta voksen som heldt vengene hans saman.
Sjå òg |
Den gylne regelen, ein ganske annan leveregel
Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.