Distriktet Arlesheim
Arlesheim (Bezirk Arlesheim) | |
distrikt | |
Land | Sveits |
---|---|
Kanton | Basel-Landschaft |
Hovudstad | Arlesheim |
Areal | 96,24 km² |
Folketal | 149 760 (2011) |
Kommunar | 15 |
Wikimedia Commons: Arlesheim (district) | |
Distriktet Arlesheim er eitt av fem distrikt i den tysk-talande kantonen Basel-Landschaft i Sveits. Distriktet grensar i vest til Frankrike og i nordaust til Tyskland. I nord grensar Arlesheim til kantonen Basel-Stadt, medan han i både sørvest og søraust grensar til kantonen Solothurn (men ikkje i sør). Distriktet Arlesheim har 149 760 innbyggarar pr 31. mars 2011.
Distriktet Arlesheim består av 15 kommunar: Aesch, Allschwil, Arlesheim, Biel-Benken, Binningen, Birsfelden, Bottmingen, Ettingen, Münchenstein, Muttenz, Oberwil, Pfeffingen, Reinach, Schönenbuch og Therwil.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Arlesheim» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2011.
|