Kai Eide





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.















Kai Eide

Kai Eide, former UN Special Representative to Afghanistan.jpg

Fødd

28. februar 1949

Sarpsborg


Parti

Høgre


Kai Aage Eide (fødd ) er ein norsk diplomat og tidlegare politikar for Høgre.


Han har ein lang diplomatisk karrière, med internasjonal tryggleikspolitikk og krisehandtering som arbeidsfelt, i teneste for Noreg, SN og NATO. Eide har vore ambassadør ved ei rekkje norske utenriksstasjoner, og var Noregs ambassadør til OSSE 1998–2002 og til NATO 2002–2006, og dessutan SNs spesialutsending til Afghanistan 2008–2010. Eide er ein flittig skribent og har vore mykje brukt som foredragshaldar. Han var lenge politisk aktiv i Høgre, blant anna som statssekretær for Jan P. Syse 1989–1990, men er i dag medlem av Arbeidarpartiet. Eide var Noregs ambassadør til Sverige til 2017.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn og yrkeskarrière


  • 2 Politisk arbeid


  • 3 Utmerkingar


  • 4 Bibliografi


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn og yrkeskarrière |


Eide vart fødd i Sarpsborg i 1949 som son av løytnant Knut Aage Hansen (1911–1970) og sjukepleier Ella Margareth Eide (1903–1997). Han var gift med læraren Mariane Bing (fødd 1951) 1976–1989, og er gift med NRK-journalist Gro Holm (fødd 1958) frå 2004. Eide voks opp i Fredrikstad og Ski, og er i dag busett i Lommedalen i Bærum.


Han har examen artium frå Ski gymnas frå 1967, og er cand.mag. i fransk, folkerett og statsvitskap frå Universitetet i Oslo frå 1976. Han hadde fleire avbrot undervegs i studietiden grunna politisk arbeid for Høgre.




Eide med Robert Gates i 2009


I 1975 vart han aspirant i Utenriksdepartementet, og var vidare ambassadesekretær i Bern og seinare i Praha. Han var medlem av Noregs delegasjon til Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) ved dennes nesten 10 månader lange møte i Beograd 1977–1978 og delegat ved KSSEs møte i Madrid i vel seks månader 1980–1981. Etter to år i Utenriksdepartementet byrja Eide å arbeida for NATO i Brussel, der han var 1. ambassadesekretær for den norske delegasjonen 1984–1987 og assisterande direktør for sekretariatet til NATOs generalsekretær (høvesvis Manfred Wörner og Peter Carington) 1984–1989. I ein periode i 1989 var Eide byråsjef i Utenriksdepartementet, i 1990 kom han attende til departementet som del av utanriksminister Thorvald Stoltenbergs sekretariat, og i 1991 var Eide spesialrådgiver i Statoils planavdeling.


Eide var vidare ministerråd ved Noregs delegasjon til NATO 1991–1993, rådgjevar og avløysar for SN-fredsmeklar Thorvald Stoltenberg i det tidlegare Jugoslavia 1993–1995, leiar for SNs operasjon i Bosnia-Hercegovina 1997–1998, Noregs ambassadør til OSSE i Wien 1998–2002, Noregs ambassadør til NATO i Brussel 2002–2006 og politisk direktør i Utenriksdepartementet 2006–2008. Han var SNs spesialutsending til Afghanistan frå 7. mars 2008 inntil han vart avløyst av Staffan dei Mistura 1. mars 2010. Eide var òg SNs spesialutsending til Kosovo for dåverande generalsekretær Kofi Annan i 2004 og 2005, hvorfra Eides rapportar la grunnlaget for den politikken Sikkerhetsrådet vedteke å følgja.


Eide vart i 2014 utnemnt til ambassadør i Stockholm.[1]



Politisk arbeid |


Eide var tidleg aktiv i Høgre og arbeidd for partiet fram midten av 1970-årane, blant anna som personleg rådgjevar for Høgre-formann Erling Norvik. Fram til 1975 var òg medlem av Unge Høgres sentralstyre. Han var òg engasjert i arbeidet for norsk EU-medlemskap og jobba difor for Haakon Liée i Europabevegelsen. Han var statssekretær for internasjonale spørsmål ved Kontoret til statsministeren i Jan P. Syses regjering 1989–1990 og nestleiar i Europabevegelsen omkring 1991.


Føre stortingsvalet 1993 var han på tale som miljøpolitisk talsmann, miljøvernminister eller handelsminister om Høgre vart valvinnar. Arbeidarpartiet heldt likevel på regjeringsmakta og Eide vart ikkje innvalgt på Stortinget. Han var 1. vararepresentant til Stortinget frå Akershus 1993–1997, og møtte i alt fem dagar på Stortinget. Han var Jan Petersens hardaste rival om vervet som partileiar i Høgre etter at Kaci Kolmann Five varsla sin avgang i 1994, og var angiveleg ein av Kolmann Fives eigne favorittar til vervet ved sida av Petersen og Per-Kristian Foss.



Utmerkingar |


Frå 1998 er Kai Eide kommandør av St. Olavs Orden.



Bibliografi |




  • Dei tusen dagane : Fredsmeklere på Balkan, med Thorvald Stoltenberg, 1996


  • Høgt spel i Afghanistan, Cappelen Dam, (2010) ISBN 9788202329099



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kai Eide» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2018.




  1. Offisielt frå statsråd 23. mai 2014



Bakgrunnsstoff |




  • Kai Eides CV hos Utenriksdepartementet


  • Kai Eides biografi hos NATO





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva