Berlinmuren






Kart over det delte Berlin med muren




Berlinmuren ved Bethaniendamm


Berlinmuren (ty. Berliner Mauer, i DDR-propagandaen kalla Antifaschistische Schutzwall, «antifascistisk skyddsmur») var ei 45,1 km lang fysisk sperre av betong, piggtråd og elektriske gjerder sett opp av styremaktene i DDR frå 13. august 1961 som skilde Vest-Berlin frå resten av DDR. Føremålet med muren var offisielt å verne DDR sine innbyggjarar mot fascisme (austblokklanda meinte at dei kapitalistiske NATO-landa, særleg (vest-)Tyskland, var fascistiske). Den verkelege årsaka for bygginga av muren var å hindre befolkninga i å flykte til det demokratiske vesten.


Berlinmuren vart det fremste symbolet på delinga av Europa i éin demokratisk og éin kommunistisk del under den kalde krigen.


Etter at kommunistregimet i DDR fall, sette innbyggarane spontant i gang med å rive muren den 9. november 1989, og det er i dag få spor att etter muren. Ein kan sjå markeringar på bakken kvar muren låg, ein kan dermed sjå kvar den gamle grensa i Berlin gjekk.


I løpet av den kalde krigen vart mange hundre menneske som freista å flykte til fridomen drepne ved muren. Mange DDR-leiarar og medlauparar vart dømt til lange fengselsstraffer for dette etter den tyske gjenforeininga.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berlinmuren



Sjå òg |



  • Israel si sperring på Vestbreidda

    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva