Riksförbundet för sexuell upplysning




Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU), er ein svensk ideell organisasjon som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, samt informasjon og opplysing kring seksualitet og samliv. Ei av dei viktigaste kampsakene har vore og er retten til fri abort.


Arbeidet til RFSU kviler på tre rettar: retten til å vera, retten til å nyta og retten til å velja.


RFSU arbeider med opplysning, utdanning og opinionsdanning gjennom å arrangera kurs, konferansar, og delta i debattar. Dessutan driv RFSU eit omfattande internasjonalt arbeid saman med liknande organisasjonar i andre land.


RFSU sin klinikk i Stockholm arbeider med prevensjonsrettleiing, seksualrådgiving, samt seksuelt overførbare sjukdommar. Klinikken arbeider også med forsking og utdanning.


Lokalforeiningane arbeider med informasjon og utdanning. Lokalforeiningane kursar frivillige som driv med opplysning i skular.


RFSU blei grunnlagt 1933 av blant anna Elise Ottesen-Jensen, Gunnar Inghe og Hanna Lundin. Elise Ottesen-Jensen var leiar frå starten til 1959, og ho er den som sterkast blir forbunde med organisasjonen. Tidsskriftet til RFSU, Ottar, er oppkalla etter henne.


RFSU er partipolitisk og religiøst uavhengig, men har røtene sine i radikal sosialisme.


Lena Lennerhed er forbundsordførar sidan 2005.



RFSU Norge AS |


RFSU Norge AS vart skipa 1. juni 1973.


Dagleg leiar er Katarina Ulrike Knutz Maxen.



Bakgrunnsstoff |


  • http://www.rfsu.se/



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva