Irmin Schmidt
Irmin Schmidt | |
Fødd | 29. mai 1937 |
---|---|
Fødestad | Berlin |
Opphav | Tyskland |
Sjanger | Krautrock |
Instrument | tangentinstrument |
Verka som | komponist, pianist, universitetslærar, dirigent, filmmusikkomponist |
Irmin Schmidt (fødd 29. mai 1937 i Berlin) er ein tysk klaverspelar og komponist, mest kjend som ein av medlemmane som starta bandet Can.
Innhaldsliste
1 Biograf
2 Diskografi
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Biograf |
Schmidt studerte musikk ved konservatoriet i Dortmund, ved Folkwang Hochschule i Essen, Mozarteum i Salzburg, og han studerte komposisjon med Karlheinz Stockhausen ved Rheinische Musikschule i Köln.
Han starta å arbeide som dirigent og framførte konsertar med Bochum Symfoni, Wien Symfoni og Dortmund Ensemble for Ny Musikk, som han starta i 1962. I løpet av denne tida fekk han fleire prisar som dirigent. Schmidt arbeidde òg som Kapellmeister ved Theater Aachen, som dosent for musikkteateret og chanson ved dramaskulen i Bochum, og som konsertpianist.
I 1968 starta Schmidt det eksperimentelle krautrockband Can med Holger Czukay, Michael Karoli og Jaki Liebezeit. Schmidt var klaverspelar i Can fram til gruppa vart oppløyst i 1979. Han deltok i begge gjenforeiningane til Can i 1986 og 1991.
Schmidt har skrive filmmusikk til meir enn 40 filmar og fjernsynsprogram, inkludert Knife in the Head (1978) og Palermo Shooting (2008). Han har òg spelt inn nokre soloalbum og skrive ein opera basert på Mervyn Peake sin Gormenghast.[1] Kona hans Hildegard Schmidt har vore ansvarleg for styret av Can og plateselskapet deira, Spoon Records, sidan 1970-åra.
Schmidt bur i dag i det sørlege Frankrike.
Diskografi |
- Solo
Filmmusik (1980)
Filmmusik, Vol. 2 (1981)
Toy Planet (1981) med Bruno Spoerri
Filmmusik, Vols. 3 & 4 (1983)
Rote Erde (1983) filmmusikk
Musk At Dusk (1987)
Filmmusik Vol. 5 (1989)
Impossible Holidays (1991)
Le Weekend (1991) maxisingel
Soundtracks 1978-1993 (1994)
Gormenghast (2000)
Masters of Confusion (2001) med Kumo
Flies, Guys and Choirs (2008) DVD med Kumo
Axolotl Eyes (2008) med Kumo
Palermo Shooting (2008) filmmusikk
Kjelder |
↑ Spoon Records
Bakgrunnsstoff |
- Heimeside
IMDb om Irmin Schmidt
Irmin Schmidt på Allmusic
Can | |
---|---|
Holger Czukay · Michael Karoli · Jaki Liebezeit · Irmin Schmidt Malcolm Mooney · Damo Suzuki · Rosko Gee · Rebop Kwaku Baah | |
Album | Monster Movie · Tago Mago · Ege Bamyasi · Future Days · Soon Over Babaluma · Landed · Flow Motion · Saw Delight · Out of Reach · Can · Rite Time |
Samlealbum | Soundtracks · Unlimited Edition · Opener · Cannibalism · Delay 1968 · Incandescence · Cannibalism 2 · Anthology · Cannibalism 3 · Sacrilege · The Lost Tapes |
Konsertalbum | The Peel Sessions · Can Live |
Tilknytte artistar | Krautrock · Spoon Records · Traffic |
|