Hauturu/Little Barrier Island






Little Barrier Island sett ifrå fastlandet.


Hauturu/Little Barrier Island er ei øy som ligg utanfor nordaustkysten til Nordøya på New Zealand. Ho ligg kilometer nord for Auckland. Øya er skild frå hovudlandet i vest av sundet Jellicoe Channel, og frå den større øya Great Barrier Island i aust av Cradock Channel. Dei to øyene med likelydande namn gir Haurakigolfen ly frå mange av stormane i Stillehavet.


Øya er ein utsløkt vulkan, grovt sett sirkulær i form, og om lag seks km tvers over. Øya har ei flatevidd på 28 km². Ho braut fram gjennom dei grunne kystfarvatna i Haurakigolfen i løpet av dei siste 500 000 åra, og er ulik alle andre vulkanske klipper i ein omkrins på 120 km. Øya, som til vanleg vert omtala som Little Barrier, hevar seg bratt mot, og er svært oppstykka av raviner frå toppen, den 722 meter høge Mount Hauturu, som er det høgastliggjande punktet i regionen Auckland.


Utanom personell frå miljøvernetaten er øya ubygd, og ho er eit av dei fremste naturreservata på New Zealand. Det er derfor strenge restriksjonar på tilgangen til øya.


Den polynesiske oppdagaren Toi kalla øya Hauturu som tyder «kvilestaden til vindane». Saman med den større naboøya fekk ho det engelske namnet sitt av kaptein James Cook den 23. november 1769.



Referansar |



  • http://www.teara.govt.nz/1966/L/LittleBarrierIsland/LittleBarrierIsland/en Little Barrier Island - 1966 Encyclopaedia of New Zealand]


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hauturu/Little Barrier Island



  • Department of Conservation - Little Barrier Island (Hauturu) Naturreservat


  • Cultural Heritage of the Gulf (kort historikk på side 5)





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva