Optisk illusjon
Ein optisk illusjon, optisk bedrag, synsbedrag eller synsførestilling er når vi oppfattar eit bilete som noko anna enn det faktisk er, eller som noko som i følgje fornufta vår er umogleg. Informasjonen auget vårt sender til hjernen utfordrar oppfatninga vår av røyndomen. Optiske illusjonar kan grovt delast inn i to grupper, fysiologiske og kognitive illusjonar.
Innhaldsliste
1 Fysiologske illusjonar
2 Kognitive illusjonar
2.1 Tvitydige illusjonar
2.2 Forvrengingsillusjonar
2.3 Paradoksillusjoner
3 Optiske illusjonar i biletmedia
4 Kjelder
5 Sjå òg
6 Bakgrunnsstoff
Fysiologske illusjonar |
Fysiologske illusjonar, til dømes etterbilete etter skarpt ljos, trur ein kjem av verknaden på auget eller hjernen av overdriven stimuli av éit slag – lys, farge, rørsle og så vidare. Teorien er at ulike stimuli har kvar sin nevrologiske stig i dei tidlegaste fasane av visuell prosessering, og at gjentakande stimulering av berre ein eller nokre få kanalar medfører ein fysiologisk ubalanse som endrar persepsjonen.
Kognitive illusjonar |
Kognitive illusjonar blir trudd å oppstå når synsinntrykk koplast opp mot oppfatninga vår av røyndomen. Undermedvitet vårt prøver å kople det vi ser opp mot noko kjent. Kognitive illusjonar blir gjerne delt opp i tvitydige illusjonar, forvrengingsillusjonar, og paradoksillusjonar.
Tvitydige illusjonar |
Tvitydige illusjonar er bilete eller objekt der oppfatninga av biletet byter mellom to tolkingar. Neckerkuben er eit døme på ein slik illusjon.
Forvrengingsillusjonar |
Forvrengingsillusjonar er karakterisert av ei forvrenging av storleik, lengd eller kurve. Eit døme på dette er kafeveggillusjonen.
Paradoksillusjoner |
Paradoksillusjonar er figurar eller objekt som er paradoksale eller umoglege. Eit døme på ein slik illusjon er Penrosetrianglet.
Optiske illusjonar i biletmedia |
Alle biletuttrykk, anten det gjeld kunst eller visuelle medium, er grunnlagt på optisk effektmakeri og illusjonar som ofte skal gje inntrykk av noko anna enn det faktisk er.
Dette gjeld ikkje minst den tradisjonelle biletkunsten, som i stor grad har vore eit einaste stort spel med sansebedrag gjennom forsøk på å gjenskape eit inntrykk, til dømes på eit plant underlag, av ein levande, tredimensjonal røyndom. Disse forsøka har kome tydelegast til uttrykk gjennom til dømes målestilen i barokken, trompe lóeil, ein så naturtru attgiving av ein gjenstand at tilskodaren trur motivet er verkeleg, ekvilibristisk utførde stilleben og livaktige portrettmåleri såvel som moderne tider sine figurative fotorealisme og abstrakte op-kunst, òg kalla op art eller optisk kunst. Med oppdaginga av det konstruerte sentralperspektivet i renessansen oppstod anamorfose, ein lek med fordreia motiv og forteikna perspektiv. Òg impresjonismen eksperimenterte aktivt med synsinntrykk, særleg pointillismen der fargeblandingane oppstod som ein illusjon gjennom små punkt av grunnfarger, på same måte som i moderne fleirfargetrykk,. Ein kan òg nemne surrealismen på 1900-talet, ein kunstretning som baserte seg på det «oververkelege» med omfattande bruk av optiske effektar og ein leik med røyndomen.
Alle som brukar visuelle verkemiddel arbeider altså i vid forstand med synsbedrag på einkvan måte. Blant kunstnarar som meir direkte og inngåande har jobba med tydelege optiske illusjonar er likevel den italienske målaren Giuseppe Arcimboldo (1523–1597), den amerikanske illustratøren Charles Allan Gilbert (1873–1929), den fransken-amerikanske konseptkunstnaren Marcel Duchamp (1887–1968), den nederlandske grafikaren M.C. Escher (1898–1972), den spanske surrealisten Salvador Dalí (1904–1989), den svensken Oscar Reutersvärd (1915–2002) og den britiske målaren Bridget Riley (fødd 1931).
Optiske illusjonar blir òg brukt flittig i filmverda gjennom ulike slags filmtriks, ikkje minst animasjonar. Filmmediet, som i røyndomen er ei rekkje stillbilete vist så raskt at dei blir opplevt som ein samanhengande og «levande» rørsle, er i seg sjølv ein effektfull optisk illusjon. Òg datagrafikk, særleg 3-D-grafikken, byggjer grunnleggjande på synsbedrag og omfattar ei rekkje teknikkar og uttrykk.
Nytta av visuelle illusjonar er òg viktig for scenografi og kulisser på teater og sjølvsagt innan trylling og illusjonisme.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Optisk illusjon» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Eagleman, D. M. (2001) Visual Illusions and Neurobiology. Nature Reviews Neuroscience. 2(12): 920-6. (pdf)
- Gregory Richard (1997) Knowledge in perception and illusion. Phil. Trans. R. Soc. Lond. B 352:1121-1128 (pdf)
- Purves D, Lotto B (2002) Why We See What We Do: An Empirical Theory of Vision. Sunderland, MA: Sinauer Associates.
- Purves D, Lotto RB, Nundy S (2002) Why We See What We Do. American Scientist 90 (3): 236-242.
- Purves D, Williams MS, Nundy S, Lotto RB (2004) Perceiving the intensity of light. Psychological Rev. Vol. 111: 142-158.
- Renier, L., Laloyaux, C., Collignon, O., Tranduy, D., Vanlierde, A., Bruyer, R., De Volder, A.G. (2005). The Ponzo illusion using auditory substitution of vision in sighted and early blind subjects. Perception, 34, 857–867.
- Renier, L., Bruyer, R., & De Volder, A. G. (2006). Vertical-horizontal illusion present for sighted but not early blind humans using auditory substitution of vision. Perception & Psychophysics, 68, 535–542.
- Yang Z, Purves D (2003) A statistical explanation of visual space.Nature Neurosci 6: 632-640.
Sjå òg |
Anamorfose, forvridd projeksjon eller eit forteikna perspektiv
Trompe l'oeil, «naturtru» illusjonsmaleri
Synkverving – fata morgana, luftspegling
Drosteeffekten, rekursivt bilete med hovudmotivet gjengitt i liten storleik inne i seg sjøv
Entasis, designteknikk for å motverke visse optiske forstyrringar i arkitektur
Pareidoli, tilfeldige sanseinntrykk som blir tillagt meining, til dømes å sjå andlet og figurer i eit abstrakt mønster
Illusjon – illusjonisme – illusjonist
- Spesialeffekt i film
- Fargeblinde
- Kamuflasje
Persepsjon,- Kognitiv psykologi
Bakgrunnsstoff |
- Sjå dagleg oppdaterte illusjonar
- Eit utval av dei beste illusjonane
- Stort galleri med optiske illusjonar
- Teoriar kring optiske illusjonar
- Optical Illusions: Computer Art in the Classroom
- Utforsk, lær og ha det gøy med optiske illusjonar
- Optiske illusjonar og visuelle fenomen
- Akiyoshi's illusion pages
- Project LITE Atlas of Visual Phenomena
|