Dombås
Dombås | |
tettstad | |
Dombås sett mot sør | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Oppland |
Kommune | Dovre |
Areal | 1,65 km² |
Folketal | 1 240 (2017) |
Folketettleik | 752 / km² |
Postnummer | 2660 DOMBÅS |
Preposisjon | på Dombås |
Wikimedia Commons: Dombås | |
Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland fylke.
Innhaldsliste
1 Dombås sokn
2 Dombås tettstad
3 Sjå òg
4 Kjelder
4.1 Fotnotar
Dombås sokn |
Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre sokn[1]. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.
Dombås tettstad |
Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 240 innbyggjarar per 1. januar 2017 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.
Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.
Folketalsutvikling i Vågåmo | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 225 | |||
1930 | 321 | |||
1946 | 419 | |||
1950 | 502 | |||
1960 | 664 | |||
1970 | 1 114 | |||
1980 | 1 176 | |||
1990 | 1 178 | |||
2000 | 1 014 | |||
2009 | 1 116 | |||
2012 | 1 185 | |||
Kjelder:
|
Sjå òg |
- Tettstader i Oppland
Kjelder |
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oppland»
Fotnotar |
↑ Dis-Norge
Dovrefjell | |
---|---|
Kommunar | Dovre · Folldal · Oppdal |
Stader og bygder | Dombås · Folldal · Hjerkinn · Oppdal |
Naturvern | Dovre nasjonalpark · Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark · Rondane nasjonalpark · Fokstumyra naturreservat · Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen landskapsvernområde · Fokstugu landskapsvernområde · Knutshø landskapsvernområde · Vesle Hjerkinn landskapsvernområde · Hjerkinnholen naturreservat · Veslehjerkinntjønnin naturreservat · Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde · Åmotsdalen landskapsvernområde · Flåman naturreservat · Nordre Snøfjelltjørn naturreservat · Jora landskapsvernområde |
Jernbane | Dovrebanen · Drivstua stasjon · Kongsvoll stasjon · Hjerkinn stasjon · Vålåsjø stasjon · Fokstua stasjon · Dovregubben |
Vegar | Gamle kongeveg · Vårstigen · E6 · Fylkesveg 29 |
Skysstasjonar | Drivstua Fjellstue · Kongsvoll Fjellstue · Hjerkinn Fjellstue · Fokstua Fjellstue |
Pilegrimsvandring | Pilegrimsleia over Dovrefjell · Eysteinkyrkja · Vesle Hjerkinn |
Fjell | Snøhetta · Svånåtindan · Knutshøa · Hjerkinnhøa · Kolla |
Fauna | Moskus · Fjellrev · Rein · Jerv · Trane · Mogop · Dovreløvetann · Norsk malurt · Dovrevalmue · Dovrestjerneblom · Knutshørapp |
Litteratur | Einige og tru til Dovre fell · Dovregubben · Ferdaminne |
|