Torskefjorden




Koordinatar: 69°20′41.924″N 16°57′6.8544″E
Torskefjorden er ein fjordarm av Andfjorden i Torsken kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 13 km austover til Gryllefjordbotnen i botn av Gryllefjorden, ein av fjordarmane.


Fjorden har innløp mellom Indre Månesodden i nord og Skjøttevika i sør. Fjorden er om lag 5 km brei i den ytre delen, men ved Torskeøya, som ligg midt i fjorden deler fjorden seg i fleire smalare fjordarmar. Gryllefjorden går nordover og så austover forbi Gryllefjord og er den lengste fjordarmen. Aust for Torskøya går Torskefjorden vidare innover til tettstaden Torsken, der han deler seg i Skipsfjorden i nord og Osterfjorden i sør.


Det går ferjesamband ut fjorden frå Gryllefjord til Andenes på Andøya.





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?