Jan Åge Fjørtoft
Jan Åge Fjørtoft | ||
Fødd | 10. januar 1967 Ålesund i Noreg | |
Kallenamn | Fjøra | |
Posisjon | Spiss | |
Ungdomsklubb | ||
---|---|---|
Gursken Hødd | ||
Klubbar* | ||
År | Klubb | Kampar (mål) |
1986–1987 1988–1989 1989–1993 1993–1995 1995–1996 1996–1998 1998–1999 1999–2001 2001 2002 | HamKam Lillestrøm Rapid Wien Swindon Middlesbrough Sheffield United Barnsley Eintracht Frankfurt Stabæk Lillestrøm | |
Landslag | ||
1986-1996 | Noreg | |
Klubbkampar og mål i nasjonal liga . |
Jan Åge Fjørtoft (fødd 10. januar 1967 Ålesund) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er eigentleg frå Gursken i Sande kommune i Møre og Romsdal. Han var ein målfarleg spelar som har spelt for ei rekkje forskjellige klubbar i Noreg, Austerrike, England og Tyskland.
Han spelte 71 landskampar for Noreg, der han var kaptein i 15 av dei og skåra 20 mål.
Karriere |
Jan Åge Fjørtoft jobba i ei periode som ekspertkommentator for NRK, men slutta då han vart manager for Lillestrøm Sportsklubb i august 2004. Då han var manager for LSK (Lillestrøm Sportsklubb, jobba han òg ved sidan av som programleiar i TV3. I slutten av 2006 var han i ei periode trenar for Lillestrøm saman med Frode Grodås og Erland Johnsen. Han var trenar etter at Uwe Rösler gjekk av, til Tom Nodlie tok over. I den perioden spelte klubben seks (6) kampar i Royal League, tre (3) sigarar, og tre (3) uavgjort.
Etter fire og eit halvt (4,5) år som manager i LSK slutta Jan Åge etter 2008-sesongen. I denne perioden hadde Lillestrøm vore finalist i både Cupfinalen i 2005 og i Royale League-finala i 2006, men tapte begge. Ein positiv opptur for LSK, i ein elles svak sesong var noregsmeistertittelen i 2007. I Cupfinala 11. november 2007 kunne LSK lyfte Kongepokalen for fyrste gong på 27 år, etter å ha slått Haugesund 0-2.
Fjørtoft er i dag programleiar i Viasat, der han leiar kanalen sine sendingar i Champions League, den engelske FA-cupen og Noreg sine bortelandskampar. I tillegg skal han leie sendingane i den nye Europa-ligaen.
Jan Åge er òg strategisk konsulent for organisasjonar i firma i inn- og utland.
I løpet av karrieren scora han ei rekkje viktige mål (totalt 307 mål på 620 obligatoriske kampar), både på klubb- og landslag. Det viktigaste målet han scora, i fylgje seg sjølv, var det målet han scora i den siste serierunda i 1999. Eintracht Frankfurt slo Kaiserslautern 5-1, sneik seg framfor Nürnberg ved hjelp av målforskjellen og berga dermed plassen i Bundesliga.
På landslaget vert han nok mest huska for målet han scora borte mot Polen i 1993, då han brukte «Fjørtoft-finta» og gav Noreg leiinga 2-0. Med det målet hadde Noreg i realitetane kvalifisert seg til VM i fotball i 1994 for fyrste gong sidan 1938. Jan Åge vart, som andre utanlandske i Austerrike, kåra til årets spelar i 1990.
Klubb- og kampoversyn |
Klubb | Kampar* | Mål* | Periode |
---|---|---|---|
Gursken | ?? | ?? | ???? - 1982 |
Hødd | 40 | 36 | 1984-1985 |
Hamarkameratene | 44 | 17 | 1986-1987 |
Lillestrøm SK | 33 | 20 | 1988-1989 |
Rapid Wien | 128 | 67 | 1989-1993 |
Swindon | 72 | 28 | 1993-1995 |
Middlesbrough | 41 | 9 | 1995-1996 |
Sheffield United | 34 | 19 | 1996-1998 |
Barnsley | 34 | 9 | 1998-1999 |
Eintracht Frankfurt | 51 | 14 | 1999-2001 |
Stabæk | 15 | 6 | 2001 |
Lillestrøm SK | 5 | 0 | 2002 |
* Berre seriekampar.
Noreg sin tropp – VM i fotball 1994 | ||
---|---|---|
1 Thorstvedt • 2 Halle • 3 Johnsen • 4 Bratseth (kaptein) • 5 Bjørnebye • 6 J. Flo • 7 Mykland • 8 Leonhardsen • 9 Fjørtoft • 10 Rekdal • 11 Jakobsen • 12 Grodås • 13 By Rise • 14 Nilsen • 15 Løken • 16 Sørloth • 17 Eggen • 18 Håland • 19 Strand • 20 Berg • 21 Rushfeldt • 22 Bohinen • Trenar: Olsen |