Høgskolen i Oslo




Koordinatar: 59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E





































Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo ingeniørutdanninga.jpg
Avdeling for ingeniørutdanning ved HiO
Motto Utdanning for et helt liv
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Sissel Østberg
Stad Oslo
Studentar 12 000
Tilsette 1100
Nettstad www.hio.no

Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette[1]. Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.


Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Akershus på Kjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.




Innhaldsliste






  • 1 Lokalisering


  • 2 Avdelingar og studietilbod


  • 3 Rektorar ved Høgskolen i Oslo


  • 4 Sjå også


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Litteratur





Lokalisering |


Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.



Avdelingar og studietilbod |


Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.


Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:



  • Avdeling for helsefag

  • Avdeling for samfunnsfag

  • Avdeling for estetiske fag

  • Avdeling for ingeniørutdanning

  • Avdeling for sykepleierutdanning

  • Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier

  • Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag


I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).


Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.


I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.



Rektorar ved Høgskolen i Oslo |




  • Steinar Stjernø 1994-2000


  • Per Lilleengen 2000-2007


  • Sissel Østberg 2007-2011



Sjå også |



  • Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad


  • Oslostudenten (studentavis)

  • Studentersamfunnet Bislet

  • Studentparlamentet



Kjelder |





  1. Fakta om HiO




Bakgrunnsstoff |



  • Høgskolen i Oslo

  • Studentparlamentet


  • Oslostudenten (Studentavis)



Litteratur |



  • Fra bryggeri til høgskole, om utbyggingen av Frydenlundområdet 1922-1999. redigert av Jon Li. Oslo, 1999. ISBN 82-579-0274-8



Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal