Hanne Sørvaag
Hanne Sørvaag | |
| |
Fødd | 27. desember 1979 |
---|---|
Fødestad | Stavanger kommune |
Opphav | Noreg |
Instrument | gitar |
Verka som | Songar, komponist og tekstforfattar |
Hanne Margrethe Fredriksen Sørvaag (fødd 27. desember 1979 i Stavanger) er ein norsk songar, komponist og tekstforfattar.
Saman med Harry Sommerdahl og Tim Baxter skreiv ho songen «My Destiny» som blei framført og gitt ut av den amerikanske idoldeltakaren Katharine McPhee og som nådde andreplass på den amerikanske Billboard-singlelista i veke 28 i 2006. Saman med dei to danske låtskrivarane Remee og Thomas Troelsen skreiv ho songen «Disappear» som gruppa No Angels vann den tyske finalen i Eurovision Song Contest 2008 med og som representerte landet i den internasjonale finalen. Sørvaag jobbar for Universal i Stockholm, og det var gjennom dette selskapet at hennar låt hamna hos den tyske jentegruppa. Ho har vidare plassert ein mengde låtar over heile verda, blant anna i Australia, England, Tyskland, Danmark og Spania m.m. Det var Hanne Sørvaag som skreiv låten «Brief and Beautiful», som Maria Arredondo hadde stor suksess med i Noreg.
I 2009 hadde Sørvaag to låtar med i Melodi Grand Prix, «Do it again» med Foxy og «Tricky» med Velvet Inc, der den siste kom til finalen. I 2010 deltok ho i Melodi Grand Prix saman med Fredrik Kempe med låta «My Heart Is Yours» framført av Didrik Solli-Tangen, saman vann dei den norske finalen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2010. Songen slo ut A1, med mellom anna Mark Read, som ho òg har komponert saman med. Saman med Harry Sommerdahl og Chistian Leuzzi vart ho òg teken ut til å representere Georgia i deira nasjonale finale med songen «Shine», framført av Sopho Nizharadze. Songen vann den nasjonale uttakinga, og deltok deretter i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum.
Våren 2009 deltok ho i Zebra Grand Prix på TV 2 Zebra på lag med Mikkel Gaup, der dei kom på ein andreplass.
I 2011 song ho sjølv under delfinalen i Florø, i Melodi Grand Prix med songen «You're Like A Melody».
Hausten 2012 deltok Sørvaag i Skal vi danse på TV 2.[1]
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på «Hanne Sørvaag» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2011.
Fotnotar |
↑ Dagbladet: Disse er klare for «Skal vi danse»
Melodi Grand Prix 2011 | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Delfinale 1 |
| ||||||||
Delfinale 2 |
| ||||||||
Delfinale 3 |
| ||||||||
Finale |
| ||||||||
|
Låtskrivarar i Melodi Grand Prix 2012 | |||
---|---|---|---|
Semifinale 1 | Anne Wik, Nermin Harambasic, Ronny Svendsen, Robin Jenssen og Carlprit · Elin Nygård · Thomas G:son, Tommy Berre og Ovidou Jacobsen · Rune Berg og Asbjørn Ribe · Lisa Stokke, Johanna Demker, Anita Lixel og Tommy Berre · John Lundvik, Philip Halloun og Thomas Felberg · Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles · Stian Krogh, Christopher Lindahl og Per Gunnar Lund-Vang | ||
Semifinale 2 | Cocktail Slippers · Thomas Helland og Isabel Ødegård · Tommy Fredvang, Hanne Sørvaag og Tommy Berre · Rikke Lie, Maria Marcus og Niclas Lundin · Beyond51 · Lars Erik Blokkhus og Glenn Hauger · Monica Johansen · Silya Nymoen og Rikke Normann | ||
Semifinale 3 | Tooji, Peter Boström og Figge Boström · Marthe Valle · Bobby Bare · Sigve Bull og El Axel · Håvard Lothe · Silya Nymoen · Arne Hovda, Erik Røe, Christopher Gross og Hans Aaserud · Lise Karlsnes og Thomas Eriksen | ||
Finalen | Tooji, Peter Boström og Figge Boström · Thomas G:son, Tommy Berre og Ovidou Jacobsen · Lise Karlsnes og Thomas Eriksen · Lars Erik Blokkhus og Glenn Hauger · Beyond51 · Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles · Stian Krogh, Christopher Lindahl og Per Gunnar Lund-Vang · Bobby Bare · Sigve Bull og El Axel · Tommy Fredvang, Hanne Sørvaag og Tommy Berre
|
Skal vi danse | |
---|---|
Sesong 1 | 1. Katrine Moholt · 2. Guri Schanke · Simen Agdestein · Terje Sporsem · Caroline Dina Kongerud · Signy Fardal · Finn Schjøll · Tom A. Haug · Anita Moen · Otto Robsahm |
Sesong 2 | 1. Kristian Ødegård · 2. Susann Goksør Bjerkrheim · Jeanette Roede · Trude Mostue · Christer Torjussen · Elisabeth Andreassen · Tone Damli Aaberge · Eirik Newth · Steffen Tangstad · Ingar Helge Gimle |
Sesong 3 | 1. Tshawe Baqwa · 2. Mona Grudt · Mari Maurstad · Jostein Pedersen · Dag Otto Lauritzen · Esben Esther Pirelli Benestad · Trine Hattestad · Pia Haraldsen · Liv Marit Wedvik · Finn Christian Jagge |
Sesong 4 | 1. Lene Alexandra Øien · 2. Tore André Flo · Gaute Ormåsen · Hans Petter Buraas · Tor Endresen · Janne Formoe · Mikkel Gaup · Siri Kalvig · Hanne Krogh · Jenny Skavlan · Sigurd Sollien |
Superfinale | 1. Mona Grudt · 2. Lene Alexandra Øien · 3. Katrine Moholt · 4. Kristian Ødegård |
Sesong 5 | 1. Carsten Skjelbreid · 2. Mia Gundersen · 3. Hallvard Flatland · Anita Valen · Ellen Arnstad · Ole Klemetsen · Jan Thomas Mørch Husby · Elin Tvedt · Triana Iglesias · Margrethe Røed · Svein Østvik |
Sesong 6 | 1. Åsleik Engmark · 2. Aylar Lie · 3. Stig Henrik Hoff · 4. Maria Mittet · 5. Tommy Fredvang · 6. Håvard Lilleheie · 7. Cecilie Skog · 8. Stine Buer · 9. Anne Marie Ottersen · 10. Andrine Flemmen · 11. Cato Zahl Pedersen · 12. Einar Gelius |
Sesong 7 | 1. Atle Pettersen · 2. Kari Traa · 3. Lars Bohinen · 4. Stella Mwangi · 5. Noman Mubashir · 6. Anna Anka · 7. Rune Larsen · 8. Anders Jacobsen · 9. Inger Lise Hansen · 10. Rachel Nordtømme |
Sesong 8 | Eldar Vågan · Hanne Sørvaag · Stein Johan Grieg Halvorsen · Lillian Müller · Ben Adams · Marit Mikkelsplass · Lasse Ottesen · Cathrine Larsåsen · Vebjørn Sand · Linni Meister · Lars Erik Blokkhus |
Sesong 9 | Venke Knutson · Isabella Martinsen · Eirik Søfteland · Pål Anders Ullevalsæter · Kathrine Sørland · Kim Daniel Sannes · Linda Johansen · Carl I. Hagen · Eli Hagen · Jarl Goli · Rein Alexander |
|