Al Khor by
Al-Khor | |
الخور | |
by | |
Hovudvegen gjennom sentrum, med butikkar. | |
Land | Qatar |
---|---|
Kommmune | Al Khor kommune |
Koordinatar | |
Folketal | 31 547 (2004) [1] |
Tidssone | AST (UTC+3) |
Wikimedia Commons: Al Khor | |
Al Khor er ein kystby nord i Qatar, 50 kilometer nord for hovudstaden Doha. Han er kommunesenteret i kommunen Al Khor. Namnet på byen tyder 'bekk' på arabisk, sidan byen ligg ved ei lita elv. Al Khor er heimstaden til mange tilsette i petroleumsindustrien, sidan han ligg nær dei nordlege olje- og gassfelta i Qatar og Ras Laffan industriby.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Turistmål
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
Al Khor vart styrt av Al Muhannadi-stamma før sjølvstendet til Qatar i 1971, og denne stamma styrer framleis i dag. Ein trur at Al Muhannadi-stamma som budde i Al Khor oppstod på 1700-talet. Stamma består av sju beduinfamiliar. I dag kjem dei fleste innbyggjarane i Al-Khor frå denne stamma.
J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Khor (då kalla Khor Shaqiq) i 1908:
« |
| » |
Turistmål |
Al Khor er kjend for Al-Sultan strandhotel, eit palass som er omgjort til eit hotell, og for dei mange moderne og historiske moskeane. Hovudnæringa i byen er fiske. Det finst mange strender kring Al Khor, og i strendene i sør er det mange strandhus som innbyggjarar i byen og Doha eig.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Al Khor (city)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2017.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Population and social statistics». Qatar Statistics Authority. 2004. Henta 20. mars 2017.
↑ «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1754] (1877/2084)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. , Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Al Khor by
Reiseguide for Al Khor frå Wikivoyage
Al Khor kommune | |
---|---|
Hovudstad: Al Khor by | |
Busetnader: Al Ghuwariyah · Al Jeryan · Al Khor by · Al Thakhira · Ras Laffan industriby · Simaisma · Umm Birka | |
Folketomme område: Al Khor-øya |