Telemarkskanalen
Telemarkskanalen er ein kanal i Telemark som hovudsakleg blei bygd for transport av varer og passasjerer, tømmerfløting og for å hindre flaum. Då han stod ferdig blei kanalen omtala som «det åttande underverket.»
Telemarkskanalen er sett saman av to opphavlege kanalar. «Norsjø-Skienskanalen», med slusene i Skien og ved Løveid vart bygd i tida 1854–1861 og er den eldste av dei to kanalane. Den andre opphavlege kanalen, «Bandak-Nordsjøkanalane», vart opna i 1892.
Telemarkskanalen har 18 slusekammer, er 105 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 72 meter. Det største sluseanlegget er Vrangfoss som har fem slusekammer og ei løftehøgd på 23 m. Passasjerbåtane MS «Henrik Ibsen» og MS «Victoria» går i turisttrafikk frå Skien til Dalen i Tokke kommune. «Victoria» har trafikkert Telemarkskanalen sidan 1870.
Etter at «Norsjø-Skienskanalen» opna vart det sett i gang båtbygging ovanfor slusene.[1]
Innhaldsliste
1 Båtar
1.1 Hjulbåtar
1.2 Passasjerbåtar
2 Små lokalbåtar[3]
2.1 Lastebåtar
2.2 Slepebåtar
2.3 Sluseoversyn
3 Kjelder
4 Referansar
5 Bakgrunnsstoff
Båtar |
Dei første båtane som trafikkerte vatna var hjulpdamparar. Men desse var for breie til å trafikkere dei nye kanalane.[2]
Hjulbåtar |
DS «Statsraad Stang», 1852 - 1871
DS «St. Olaf», 1852 - før 1890
Passasjerbåtar |
Båtar som har seigla på Telemarkskanalen er:
DS «Amtmand Aall», 1862 - 1882
DS «Nordsjø», 1866 -
DS «Løveid», 1870 - 1940
DS «Victoria», 1882 -
DS «Inland», 1882-1956
DS «Telemarken», 1876 - før 1961
DS «Bratsberg», 1884 - 1908
DS «Henrik Ibsen», 1907 - 1917
DS «Aasmund Vinje», 1906 - 1920
MS «Henrik Ibsen», 1992 -
Små lokalbåtar[3] |
DS «Hitterdal»,
DS «Sirius»,
DS «Sverre»,
DS «Sand»,
Lastebåtar |
DS «Dyre Vaa», 1903 - 1968
DS «Notodden», 1908 - 1925
DS «SterkeNils», 1913 - 1923
Slepebåtar |
- Træk
- Elvprinsen
- Ulefos
- Rusla
- Gamle Stærk
- Nye Stærk
Sluseoversyn |
Sluse | Løftehøgd | Kammer | Slusetid |
---|---|---|---|
Skien | 5 m | 1 stk | 20 min |
Løveid | 10,3 m | 3 stk | 35 min |
Ulefoss | 10,7 m | 3 stk | 40 min |
Eidsfoss | 10 m | 2 stk | 30 min |
Vrangfoss | 23 m | 5 stk | 60 min |
Lunde | 3 m | 1 stk | 15 min |
Kjeldal | 3 m | 1 stk | 15 min |
Hogga | 7 m | 2 stk | 25 min |
Maksimumsmål for trafikk i Telemarkskanalen:
Måleeining > | Meter | Fot | Merknader |
---|---|---|---|
Mastehøgd | 16 | 52,5 | 12,8 m Ulefoss–Dalen |
Lengd | 31,4 | 100 | |
Breidd | 6,6 | 21 | |
Kjøldjupn | 2,5 | 8 |
Kjelder |
«Telemarkskanalen» på Bokmålswikipediaen
Referansar |
↑ http://www.langesundsjomannsforening.com/upload/files/historien_om_seilskipene_bygd_ovenfor_slusene__vf.pdf
↑ http://telemark-fk.no/kanalweb/Dokumentbase.nsf/.XAppWPLookupNewsByUniversalID/E99992516C305E9BC1256CFC00474DDC
↑ http://telemark-fk.no/kanalweb/Dokumentbase.nsf/webDocuments/C6D1AE5BE66D1481C1256E7700354A57?OpenDocument
Bakgrunnsstoff |
- http://www.telemarkskanalen.no
- Slusegløtt, nr. 1, 2011
Kanalar i Noreg | |
---|---|
Kanalar med sluser | Tistakanalen · Haldenkanalen · Vorma · Telemarkskanalen · Storstraum-Småstraumkanalen · Byglandsfjord · Skjoldastraumen (sjø) · Skallestraumen Lindåsslusene (sjø) |
Innlandskanalar for båtar | Reddalskanalen · Drageidkanalen · Årdal båtrenne · Veitastrondkanalen |
Fløytingskanalar | Sootkanalen · Støakanalen · Feragenkanalen · Otteidkanalen |
Byar med kanalar | Mossekanalen · Hortenskanalen · Tønsberg · Risør (Bommen) · Arendal (fylt att) · Flekkefjord (naturleg) · Trondheim |
Sjøkanalar | Herøyakanalen · Eidkilkanalen (Kragerø) · Hisøystrømmen · Hesneskanalen · Kassenkanalen · Spangereidkanalen · Eiekanalen · Feøykanalen · Sunnalandsstraumen (Bokn) · Kulleseidkanalen · Røyksundkanalen · Nålsundskanalen (Tingvoll) ·Remmastraumen (Nærøy) · Pundslettrenna (Årsteinen) |
Framlegg til nye kanalar/båttunnelar | Otteidkanalen · Årneskilen-Kvåsefjorden · Listakanalen · Kvinnherad-Tysnes · Stadlandet |