Johan Holmesland
Johan Holmesland | |
Fødd | 4. januar 1833 Holum |
---|---|
Død | 1. mai 1914 Sarpsborg |
Nasjonalitet | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Peder Johan Pedersson Holmesland (4. januar 1833–1. mai 1914) var ein gardbrukar, utskiftingsmann og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Søren Jaabæk og Simon Holmesland var brørne hans.
Holmesland gjekk 1850-52 landbruksskulen i Lister og Mandals amt. Han var 1853-57 amtsagronom i engvatning i Lister og Mandals amt, sidan utskiftingsformann i amtet frå 1859 til 1908. Gardbrukar i Søgne 1863-92.
Holmesland var 1879-87 medlem av heradsstyret i Holum, 1892-94 formann i amtsskattekommisjonen. Åra 1892-1904 formann i kommunikasjonskomiteen Kristiansand-Eigersund, og var også formann i fellesskomiteen for vestlandsbanen. Elles var han medlem av ei rekke av offentlege komitear og utval, mellom anna formann i Verdalskomiteen frå 1900.
Holmesland representerte Lister og Mandals amt på Stortinget frå 1880 til 1891. Han var i 1880-82 medlem av justiskomiteen, dei neste to valperiodane av vegkomiteen. Også medlem av vegkomiteen i 1889, formann i same 1890-91. Denne siste perioden hans på Stortinget, 1889-91, var han også medlem av valkomiteen.
Kjelder |
Lindstøl, Tallak (1914). «Holmesland, Peder Johan Pedersen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 396.
Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 25.
Biografisk informasjon om Johan Holmesland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Bakgrunnsstoff |
- Arkiv etter Johan Holmesland hjå Statsarkivet i Kristiansand
|