Gaupne
| Gaupne | |
| stad | |
Gaupne inst i fjorden Foto: | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Luster |
| Areal | 1,42 km² |
| Folketal | 1 206 (2017) |
| Folketettleik | 849 / km² |
Postnummer | 6868 GAUPNE |
| Innbyggjarnamn | gopning [1] |
| Preposisjon | i Gaupne |
Wikimedia Commons: Gaupne | |
Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Tettstaden har 1 206 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.
Gaupne gamle kyrkje
Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje, samt Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.
Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]
Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[3]
Innhaldsliste
1 Sjå òg
2 Kjelder
2.1 Fotnotar
3 Bakgrunnsstoff
Sjå òg |
- Tettstader i Sogn og Fjordane
Kjelder |
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sogn og Fjordane»
Fotnotar |
↑ Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
↑ Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
Bakgrunnsstoff |
Eldre fotografi frå Gaupne på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Sokn i Sogn | |
|---|---|
Arnafjord · Balestrand · Borgund · Dale · Feios · Fet og Joranger · Fjærland · Flåm · Fortun · Fresvik · Gaupne · Hafslo · Hauge · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nedre Årdal · Nes · Norum · Nærøy · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Vangen · Vangsnes · Vik · Øvre Årdal |
|