Ole Bremseth
Ole Bremseth | |
Fødd | 2. januar 1961 Hokksund |
Yrke | skihoppar |
Ole Bremseth (fødd 2. januar 1961) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Øvre Eiker. Under Ski-VM 1982 i Oslo vann han gull i lagkonkurransen i Holmenkollen, saman med Johan Sætre, Per Bergerud og Olav Hansson. Individuelt vann Bremseth i den same meisterskapen bronsemedaljen i hopp normal bakke i Midtstubakken, etter Armin Kogler og Jari Puikkonen. Bremseth representerte Hokksund.
Bremseth debuterte i verdscupen i Oberstdorf 30.12.1979. Etter to andreplassar i 1981-sesongen, kom hans store sesong i 1982. I februar og mars 1982 var han i sitt livs form, vann fyrst bronsemedaljen under VM i Oslo. Sidan vann Bremseth seks renn i verdscupen; to i Lahti, to i Štrbské pleso og to i Planica. Han enda på femteplass totalt i verdscupen den sesongen. Seinare var han aldri i nærleiken av same nivået som i 1982-sesongen. I NM-renn vann Bremseth ein sølvmedalje; i normalbakken i 1982, bak Roger Ruud. Sidan vann han to bronsemedaljar i NM 1983 og 1986. Alle medaljane kom i normalbakkar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |
- 1981: Nr 2 i to renn i Sapporo
- 1982: VM-bronse i normalbakken. Seks sigrar i verdscuprenn, ein andre- og to tredjeplassar
- 1983: Nr 3 i storbakken i Falun
- 1986: Nr 9 i Oberwiesenthal
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |
- 1981: Nr 5 i normalbakken i Rælingen
- 1982: Sølvmedalje i normalbakken på Raufoss
1983: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana
- 1984: Nr 9 i storbakken i Meldal
1985: Nr 11 i storbakken i Bærum
- 1986: Bronsemedalje i normalbakken på Vang
- 1987: Nr 12 i normalbakken i Sprova
Kjelder |
Sportsboken, aktuelle årgangar