Wordieisen
Koordinatar:
Wordieisen | |
isbrem | |
Figur som syner oppbrytinga av Wordieisen over fleire år | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Palmer Land og Graham Land |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Wordieisen (Antarktis) |
Wordieisen var ein isbrem i søraustlege delar av Marguerite Bay mellom Cape Berteaux og Mount Edgell, langs vestkysten av Den antarktiske halvøya.
I mars 2008 rapporterte British Antarctic Survey at han verka klar til å bryte laus frå Den antarktiske halvøya.[1]I april 2009 hadde dette skjedd og han forsvann heilt.[2]
Han vart oppdaga av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, 1934-37, som namngav han etter sir James Wordie, som var uløna sekretær (seinare president) i Royal Geographical Society, og medlem av Discovery Committee, og styreleiar av Scott Polar Research Institute. Han hadde òg vore geolog og vitskapleg leiar for den britiske ekspedisjonen, 1914-16, under Ernest Shackleton.
Sjå òg |
- Isbremmar i Antarktis
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Wordie Ice Shelf» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Press Release - Antarctic ice shelf 'hangs by a thread'». National Environment Research Council. British Antarctic Survey. March 25, 2008. Henta 3. januar 2014.
↑ Fox, Maggie (April 4, 2009). «An Antarctic ice shelf has disappeared: Scientists». Reuters.
Bakgrunnsstoff |
- USGS Den antarktiske halvøya information
- Scott Polar Research Institute