Freden i Roskilde
Sverige sine erobringar ved freden i Roskilde (gult, raudt, lil,la)
Freden i Roskilde er ei nemning på ei fredsavtale mellom Sverige og Danmark-Noreg. Den 26. februar 1658 vart avtala inngått i Roskilde. Kong Karl X Gustav av Sverige hadde frå Jylland gått over isen på Storebelt mot København med hæren sin. Freden var eit forsøk på å hindra eit totalt nederlag for Danmark-Noreg i Karl Gustav-krigen. Karl X Gustav var ikkje nøgd med avtala, og heldt same år fram med krigen heilt til han døydde i 1660. Freden i København den 27. mai 1660 stadfesta med enkelte endringar Roskilde-freden, men attendeførde Bornholm og Trondhjems len.
Sverige fekk ved freden i Roskilde Skåne, Blekinge, Halland (for godt, i freden i Brömsebro av 1645 hadde Sverige fått Halland i 30 år), Bohuslän, Bornholm og Trondhjems len.
Sverige sine erobringar ved freden i Roskilde, markert med grønt
Bakgrunnsstoff |
Freden_i_Roskilde på Wikisource
Avtalar i Karl Gustav-krigane (1654–1660) | |
|---|---|
1. Kėdainiai – 2. Kėdainiai – Rinsk – Königsberg – Tyszowce – Marienburg – Elbing – Labiau – Vilna – 1. Wien – Radnot – 2. Wien – Wehlau – Bromberg – Taastrup – Roskilde – Valiesar – Haag – Oliva – København – Cardis | |
Felttog |