Bolzano
Bolzano | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins | Italia Trentino-Alto Adige Bolzano | ||
Borgarmeister | Luigi Spagnolli | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 52,34 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2010) - folketettleik | 104,029 1911/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 262 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 39100 | ||
Telefon-retningsnummer | 0471 | ||
Nettstad: www.comune.bolzano.it |
Bolzano (tysk Bozen, ladinsk Bulsan, latin Bauzanum, mange italienske dialektar i området nyttar Bolzan eller Bulsan) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bolzano i regionen Trentino-Alto Adige og har om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Isarco i Alpane.
Historie |
Staden var opphavleg busett av raetiarar og seinare av romarane i 15 fvt. under Nero Claudius Drusus som bygde ei bru over elva Isarco. Landsbyen vart kalla Bauzanum. Bolzano har vore ein handelssstasjon sidan han vart grunnlagd og fekk status som by på 1200-talet. Byen var relativt viktig sidan han låg langs handelsvegen mellom Venezia og Augsburg. Fire gonger i året vart det halde ein marknad der handelsmenn møttest frå nord og sør. Det vart derfor utnemnd handelsleiarskap i 1635 som vart styrt av to italienarar og to tyskarar.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bolzano
Reiseguide for Bolzano frå Wikivoyage- Turistkontoret i Bolzano
- Turistattraksjonar i Bolzano
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Bolzano» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.
|