Tábor















































Tábor

Gamlebyen i Tábor
Gamlebyen i Tábor











Flagget til Tábor

Byvåpenet til Tábor

Flagget til Tábor

Byvåpenet til Tábor

Styresmakter
Land
Kraj

Tsjekkia
Sør-Böhmen
Grunnlagd

1420
Borgarmeister
Hana Randová
Geografi
Flatevidd
 - By


62,22 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik


36 013
  579/km²
Koordinatar

49°24′″N 14°39′″EKoordinatar: 49°24′″N 14°39′″E
Høgd over havet
437 m
Diverse anna
Postnummer
390 01

Nettstad: www.tabor.cz
Plassering




Tábor is located in Tsjekkia










Tábor er ein by i Tsjekkia i regionen Sør-Böhmen. Han er kalla opp etter fjellet Tabor i Israel, men namnet vart raskt populært og tyder i dag noko slikt som «leir» på tsjekkisk[1]


Byen vart grunnlagd våren 1420 av Petr Hromádka av Jistebnice og Jan Bydlínský frå Bydlín, som høyrde til den mest radikale greina av hussittane, og vart raskt kjend som taborittar. Byen er kjend for åra han fungerte som eit sosialistisk bondesamfunn. Denne anda vart hylla i Smetana sin «Song for Fridom», som vart gjort kjend i den engelsketalande verda av Paul Robeson.


Den historiske delev av byen ligg på toppen av ein isolert ås, som er skild frå landområda omkring av elva Lužnice og ein stor innsjø, som hussittane gav det bibelske namnet Jordán. Innsjøen, som vart danna i 1492, er det eldste reservoaret av sitt slag i Mellom-Europa. Tábor er historisk kjend fordi han vart erobra av kong Georg av Poděbrady i 1452, ei hending som gjorde ende på taborittane sin innflytelse som politisk og relegiøs gruppe.


Sjølv om mykje av dei gamle festningsverka er øydelagde er borga i Tábor (Hradiště Hory Tábor) framleis bevart med mange minner frå fortida. I sentrum av byen ligg Žižka-plassen som berre smale gater fører til, slik at det var vanskeleg å nå han i krigsperiodar. Under gamlebyen er ein labyrint av eit tunnelsystem, som oppstod då innbyggjarane grave ut kjellarar og knytte desse saman. Om lag 1 km av tunnelsystemet er i dag ope for turistar.


Midt på plassen står ein statue av Jan Žižka, den største av husittarleiarane. Her ligg òg ei kyrkje og rådhuset.



Kjelde |




  • Denne artikkelen bygger på «Tábor» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Antonín Profous (1957). Místní jména v Čechách: Jejich vznik, původní význam a změny; part 4, S-Ž. Praha i Tsjekkoslovakia.  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp)







Bakgrunnsstoff |



  • Ei nettside om byen

  • Historiske bilete av byen

  • Tunnelane med bilete





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?