Rasmus Løland




































Rasmus Løland

Nasjonalitet Norsk
Fødd
24. mai 1861
Løland i Suldal
Død

12. oktober 1907 (46 år)
Asker


Yrke Forfattar, journalist og kritikar
Periode 1891-1907
Sjanger
Barnelitteratur
Debut
Folkeliv (1891)

Rasmus Løland (24. mai 1861–12. oktober 1907) var ein norsk forfattar, journalist, kritikar og omsetjar som skreiv på nynorsk. Løland gav ut fleire bøker, var i mange år journalist i avisa Den 17de Mai og var redaktør av Norsk Barneblad.


Løland er særleg kjend som barnebokforfattar. Han skreiv levande og moderne frå eit barneperspektiv.




Innhaldsliste






  • 1 Liv


  • 2 Verkliste


  • 3 Om Rasmus Løvland


  • 4 Bakgrunnsstoff





Liv |


Rasmus Løland var fødd på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke, og heldt seg der – første gongen han drog så langt som til Stavanger var han rundt tjue år. Familien var likevel vellesen, dei abonnerte på tidsskrifter og hadde fleire bøker. Foreldra var stillfarande og djupt religiøse.


På skulen gjorde Løland det godt, og i 1878 gjekk han amtskulen. Som ung hadde han drive med skogs- og gardsarbeid, men sjukdom gjorde at han måtte gjera mindre krevjande arbeid, som å laga tiner og sopelimar. Helsa skulle plaga han heile livet, med veike lunger, hjarte, auge som ofte ikkje tolte sollys, og depresjonar.


I 1891, 30 år gammal, fekk Løland gjeve ut den fyrste boka si, Folkeliv. Året etter drog han til Bergen, og nokre år etter det gjekk han frå heimen i Suldal til Oslo. I slutten av 1890-åra hadde han reisestipend til Tyskland og Austerrike. I 1903 kjøpte han hus på Labråten i Asker og blei næraste nabo til Arne Garborg.


Løland døydde av tuberkulose, 46 år gammal, og blei gravlagd på Asker kyrkjegard. I 1911 blei det reist ein minnestein over Løland på Sand i Suldal, i 1925 blei det reist eit minnesmerke på gravplassen hans. Det har ellers blitt utgitt fleire biografiar over Løland, både i 1938, 1961 og 2007, den siste av Ernst Berge Drange kalla Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke.



Verkliste |



  • 1891 – Folkeliv

  • 1892 – Skuld. Forteljing

  • 1892 – Ungar. Forteljingar

  • 1892 – Paa sjølvstyr. Forteljing

  • 1893 – Skattegravaren. Forteljing

  • 1894 – Kor vart det av jola? Barneforteljing

  • 1895 – Blodstyng og andre soger

  • 1895 – Aandelige klenodier

  • 1895 – Gamle ungkarar

  • 1895 – I klemma

  • 1896 – Emne

  • 1896 – Nervesliten

  • 1896 – Stevleik

  • 1897 – Daudingehandi.Spelstykke

  • 1897 – Hugtekne

  • 1897 – Trollspel. Spelstykke i ei akt

  • 1989 – Jordvend

  • 1899 – Mannen som skulle stella heime

  • 1900 – Det store nashornet

  • 1901 – Ute og heime

  • 1902 – Aasmund Aarak

  • 1904 – Umskifte

  • 1905 – Norsk eventyrbok

  • 1906 – Kvitebjørnen

  • 1907 – Eventyr og dyresoger fraa alle land


Post mortem



  • 1908 – Paa skuggesida

  • 1910 – Hundrad aar



Om Rasmus Løvland |



  • Ernst Berge Drange:Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007: Samlaget. ISBN 978-82-521-6208-0

  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4



Bakgrunnsstoff |




  • Bøker av Rasmus Løland digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket


  • Nashornet.no Nettstaden til Rasmus Løland- markeringa

  • Rasmus Løland av Arne Garborg

  • Les På sjølstyr ved Høgskolen i Vestfold

  • Forfattarnett





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva