Sortlandsbrua




































Sortlandsbrua

Sortland bridge.jpg

Sortlandsbrua


Kryssar

Sortlandssundet
Stad

Vesterålen
Posisjon

68°42′24″N 015°25′44″EKoordinatar: 68°42′24″N 015°25′44″E
Lengste spenn
150 m.
Total lengd
948 m.
Seglingshøgd
30 m.
Opna
4. juli 1975

Sortlandsbrua er ei spennbetongbru (bogebru) som går over Sortlandssundet mellom Langøya og Hinnøya og ligg i Nordland fylke. Ho er ein del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 948 meter, med lengste spenn 150 meter. Seglingshøgda er 30 meter, og brua har i alt 21 spenn. Hovudspennet er fundamentert på 30 meters vassdjupn med hjelp av senkekassar.


Sortlandsbrua vart teken i bruk 4. juli 1975, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som ein del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.


Sortlandsbrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.




Sortlandsbrua


Dei andre Vesterålsbruene er Andøybrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.


Før Sortlandsbrua vart bygd var ferjestrekninga mellom Sortland på Langøya og Strand på Hinnøya ei av dei aller travlaste i Noreg.



Bakgrunnsstoff |


Denne artikklen byggjer på «Sortlandsbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 8. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene:



  • Structurae om Sortlandsbrua

  • The World's Longest Tunnel Page (bru-delen)





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?