Olav Hansson

Multi tool use
Multi tool use
















Olav Hansson

Fødd
23. juli 1957
Oslo
Yrke
skihoppar

Olav David Hansson (fødd 23. juli 1957) er ein tidlegare skihoppar frå Røa i Oslo. Under Ski-VM 1982 i Oslo hadde Hansson sin store meisterskap. Han vann sølvmedaljen i storbakkerennet i Holmenkollen, og var med på å vinne laghoppinga saman med Johan Sætre, Per Bergerud og Ole Bremseth. I normalbakken hamn han på sjuandeplass.
Han var medlem av Røa Idrettslag.


Hansson studerte i unge år i USA og vart ikkje lagd merke til i hoppbakken før enn i 1981. Sesongen etter høyrde han heime mellom dei beste hopparane verda, det vart òg hans beste sesong. Han lukkast aldri å vinne eit stort renn. Elleve gonger kom han på pallen i verdscupen; åtte andreplassar og tre tredjeplassar. Fleire gonger var han nær siger, som under skiflygingsrennet i Vikersund 20. februar 1983. Der enda han eit halvt poeng bak Matti Nykänen. Også i NM-tevlingane måtte Hansson nøye seg med sølv- og bronsemedaljar, høvesvis tre sølv og to bronse. Nærast NM-gull var han under storbakkerennet på Lillehammer i 1983. Med 270,8 poeng var han 0,6 poeng bak noregsmeisteren, Per Bergerud.




Innhaldsliste






  • 1 Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn


  • 2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |



  • 1982: VM-sølv i Holmenkollen og 2. plass i Štrbské pleso

  • 1983: Fem andreplassar (Cortina d'Ampezzo, Bischofshofen, Thunder Bay, Vikersund, Bærum) og tre tredjeplassar

  • 1985: Nr 7 i Cortina d'Ampezzo

  • 1986: Nr 11 Holmenkollen

  • 1986/87: Nr 2 i Chamonix



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1981: Nr 9 i normalbakken i Rælingen

  • 1982: Sølvmedalje i storbakken på Rena, bronsemedalje i normalbakken på Raufoss


  • 1983: Sølvmedalje i begge bakkane; høvesvis Mo i Rana og Lillehammer

  • 1986: Nr 4 i normalbakken på Vang

  • 1987: Bronsemedalje i normalbakken i Sprova


Han la opp skihoppinga i 1987.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


Bakgrunnsstoff |



  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)



HICNYwSfnAdbJZCzz5wlyMrJBE7mR9q7Mfwc5sS Wm,CfD30xnv4xP,RT2cI32 uKzb8
GcpY4GqNiG1i5oj,MGq6XH09Ar1qHwO etjLI0f3HAMrIC

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium