Lascaux
Hestemåleri i Lascaux. Lascaux er eit gods ved Montignac i Dordogne i Frankrike der fire gutar i 1940 fann ei hole med holemåleri som er 15 000–17 000 år gamle. Lascaux er ein kalksteinsås frå den yngre krittida og hola skil seg ut frå andre grotter i området ved at ho er djup og «tørr». Takka vere eit lag med leire har ikkje vatn klart å trenge inn gjennom den porøse bergarten. Dette har verna veggmåleria i tida fram til dei blei oppdaga. Innhaldsliste 1 Oppdaginga 2 Tolking av holemåleria 3 Vitjing av hola 4 Bakgrunnsstoff Oppdaginga | 12. september 1940 var Marcel Ravidat, Jacques Marsal, Georges Agnel og Simon Coencas på tur i skogen ved Lascaux då hunden deira, Robot, oppdaga noko rart ved rota av eit nedfalle eiketre. Gutane skjøna at det var ei hole og med ei lampe kunne dei utforske dei første måleria. Seinare blei ein lærar kopla inn og han tok kontakt med Abbed Hénri Breuil som var den leiande forskaren innan forhistorie i Frankrike. H...