Kalsitt
Kalsitt | |
Kalsittrombe som syner dobbeltbryting | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Karbonatmineral |
Kjemisk formel | CaCO3 |
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 |
Krystallsymmetri | Trigonal 32/m |
Einingscelle | a = 4.9896(2) Å, c = 17.0610(11) Å; Z=6 |
Identifikasjon | |
Farge | fargelaus eller kvit, òg grå, gul, grøn, |
Krystallform | Krystallinsk, korna, stalkittisk, konkresjonar, massiv, romboedrisk. |
Krystallsystem | Trigonal heksagonal ulikesida (32/m), Romgruppe (R3 2/c) |
Tvilling | Vanleg av firetvilling-lova |
Kløyv | perfekt på [1011] tre retningar med vinkel 74° 55'[4] |
Brot | Muslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 3 (definerande mineral) |
Glans | glasaktig til perleaktig på kløyvflater |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 2.71 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) |
Brytingsindeks | nω = 1.640 – 1.660 nε = 1.486 |
Dobbeltbryting | δ = 0.154 – 0.174 |
Oppløyselegheit | Oppløyseleg in fortynna syrer |
Andre eigenskapar | Kan fluorescere raud, blå, gul og andre fargar under anten kortbølgja eller langbøjga UV-stråling. Fosforescerande |
Kjelder | [1][2][3] |
Kalsitt eller kalkspat er eit mineral som består av kalsiumkarbonat, CaCO3. Det er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa.[5] Under den kjemiske formelen inngår òg aragonitt. Kalsitt kan vere bergartsdannande og vert då kalla kalkstein eller marmor. Han finst i organismar med kalkskal som til dømes muslingar, korallar, foraminiferar og trilobittar. Kalsitt er eit vanlig mineral og er fargelaust, eller farga av ureinleikar. Skalenoedriske, romboedriske og prismatiske former opptrer i kombinasjonar. Det har ein seksida avsluttande pyramideform. Krystallar opptrer med breie, flate ender, eller med lange tynne spissar. Kalsitt er ofte korna eller massiv. Det er ein bestanddel i kalksteinsmarmorar og andre sedimentære og metamorfe førekomstar, og det finst i hydrotermale gangar og magmatiske bergartar.
Innhaldsliste
1 Dobbeltbrytning
2 Bruk
3 Galleri
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Dobbeltbrytning |
Dobbeltbrytning kan lett observerast i vassklåre spaltestykke av kalsittkrystallar, som kalles dobbeltspat eller islandsspat. Lys som passerer gjennom desse vil bli spalta i to stråler. Dette inneber at ein kan sjå eit dobbeltbilete av ein lekam, når ein ser den gjennom spaltestykket. Kalsitt viser denne dobbeltbrytninga særskild godt. Dobbelbrytninga vart oppdaga i 1669 av den danske fysikeren Erasmus Bartholin i kalsitt frå Island.[6][7]
Bruk |
- Kalkstein med høgt innhald av kalsitt vert nytta til å framstille kalk og sement.
- Vassklåre spaltestykke med dobbeltbrytande effekt kan nyttast i optiske instrumenter.[8]
Galleri |
Kalsittkrystallar i ein test av cystoiden Echinosphaerites aurantium, frå nordaustlege Estland).
Kalsittrombe frå Dixon i New Mexico som syner dobbeltbryting.
Mississippi-marmor (av kalsitt) i Big Cottonwood Canyon i Wasatch Mountains i Utah.
Tynn del av kalsittkrystallar i ein omkrystallisert toskjela skal i biopelsparitt.
Kalsitt med niob (som gjev det ein klår blåfarge), frå Medford Quarry i Maryland.
Spikerhovudspat-kalsitt
Raudaktig romboedrisk kalsittkrystallar frå Kina. Raudfargen kjem av innhald av jern.
Kalsitt fluorescerer rosa under langbølgja ultrafiolett lys.
Kalsitt fluorescerer blått under kortbølgja ultrafiolett lys.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Kalsitt» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2014.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Mineral Data Publishers
↑ Calcite at Mindat
↑ Calcite at Webmineral
↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th, 1985, p. 329 ISBN 0-471-80580-7
↑ Most abundant mineals The Lithosphere: Earth's Crust.By Gregory L. Vogt.Twenty-First Century Books, 2007.ISBN 0761328386, 9780761328384
↑ Dobbeltbrytning Store Norske Leksikon
↑ "Erasmus Bartholin." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 23 Mar. 2009
↑ Dobbeltspat Store Norske Leksikon
Bakgrunnsstoff |
- mindat.org