Trysilelva

Multi tool use
Trysilelva er ein del av Trysilvassdraget som har den store innsjøen Femunden som senter i grenseområda mellom Hedmark og Sør-Trøndelag. Trysilelva renn ut i frå dei to små vatna Galten og Galthåen sør for Femunden. Vidare renn Trysilelva 120 kilometer ned igjennom Engerdal og Trysil sine skogkledde landskap. Nær grensa til Sverige er det på norsk side to kraftverk: Sagnfossen og Lutufallet. Vidare derifrå renn Trysilelva inn i Sverige med namnet Klarälven ved Långflon. I Sverige renn elva ut i den største innsjøen i Sverige, Vänern, ved byen Karlstad. Trysilelva og Klara var fram til 1991 viktige fløytingselver[1].
Trysilelva inngår som del av det som sett i samanheng er den lengste elva i Skandinavia, medrekna innsjøane undervegs, og som skiftar namn fleire gonger.
Kjelda for denne elva er innsjøen Rogen i Härjedalen. Der heiter ho Klarälven, og renn inn i Noreg, der ho heiter Klara eller, av og til på folkemunne, Femundselva og Trysilelva. Ho flyt så gjennom Femunden. Frå der flyt ho under namnet Femundselva gjennom Engerdal kommune. Når elva når Trysil kommune heiter ho Trysilelva fram til svenskegrensa og frå der Klarälven heilt ned til Vänern. Vänern sitt utløp er gjennom Göta älv, som renn ut i Kattegat ved Göteborg.
Trysilelva er verna med omsyn til Verneplan I for vassdrag.
Elva hadde storflaum i 1927, 1934 og 1967. Den 1. juni 1995 vart alle desse flaumrekordane passert under det som er kjent som Vesleofsen. Elva hadde da ei vassføring på 760 m³/s ved Nybergsund. Framleis er det Storofsen som står som flaumrekord.
Referansar |
↑ Thorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.

Denne geografiartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
nfDPdG7 gh3LnOzMzrHk8TdY8k8oARIA,BAL
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...