Kristiansand














































Kristiansand
stad

Kristiansand, Norway.jpg

Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Vest-Agder

Kommune

Kristiansand

Areal
24,91 km²

Folketal
61 536 (2017)
Folketettleik

2 470 / km²


Innbyggjarnamn
kristiansandar
Preposisjon

i Kristiansand


Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest-Agder med 61 536 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.


Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.


I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.


I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Samferdsel


  • 3 Vennskapsbyar


    • 3.1 I Norden


    • 3.2 I andre land




  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar




  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |


Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.


Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.


Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.



Samferdsel |


Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.



Vennskapsbyar |







I Norden |




  • Flagget til Sverige Trollhättan, Sverige


  • Flagget til Danmark Hjørring, Danmark


  • Flagget til Finland Kerava, Finland


  • Flagget til Island Reykjanæsbær, Island




I andre land |




  • Flagget til Tyskland Münster, Tyskland


  • Flagget til Frankrike Orleans, Frankrike


  • Flagget til Polen Gdynia, Polen


  • Flagget til England Letchworth, England


  • Flagget til Namibia Walvis Bay, Namibia


  • Flagget til Bangladesh Rajshahi, Bangladesh




Sjå òg |



  • Kristiansand kommune

  • Tettstader i Vest-Agder



Kjelder |



  • Silje Solvang (15. mai 2013). «Vennskapsbyer». Kristiansand kommune. Henta 14. juni 2013. 


  • «Kristiansand» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.


Referansar |





Bakgrunnsstoff |



  • Visit Kristiansand


  • www.kristiansand.no - Kristiansandsportalen


  • www.kristiansand.kommune.no - Nettsidene til Kristiansand kommune





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?