Jacques Peletier du Mans

Multi tool use
Jacques Peletier du Mans | |
Fødd | 25. juli 1517 Le Mans |
Død | 28. september 1583 |
Jacques Peletier du Mans på Commons |
Jacques Peletier du Mans (1517–1582), også med stavinga Pelletier, var ein fransk renessanse-humanist, diktar, omsetjar og matematikar. Han vidareutvikla mellom anna den europeiske metoden for å namngje store tal.

De occulta parte numerorum, quam algebram vocant, 1560
Pelletier var fødd i Le Mans i ein borgarleg familie. Han studerte ved Collège de Navarre i Paris der broren Jean var professor i matematikk og filosofi. Han studerte seinare juss og medisin, blei del av den litterære sirkelen rundt Marguerite de Navarre og var frå 1541 til 1543 sekretær for René du Bellay.
I 1541 gav Pelletier ut den første franske omsetjinga av Ars poetica av Horats. I 1547 gav han ut ei diktsamling av fleire omsetjingar og eigne dikt, Œuvres poétiques. På denne tida gav han også ut fleire vitskaplege og matematiske avhandlingar.
I 1550 la han fram ei avhandling som tala for ein fonetisk fransk ortografi ettersom skriftspråket, påverka av latin, var blitt temmeleg ulogisk. Han brukte sjølv dette systemet i verka han utgav, og stava etter dette namnet sitt med éin l.
Jacques Peletier vidareutvikla ein skala for store tal føreslått av Nicolas Chuquet i 1485. Medan Chuquet hadde gjeve tal namn for kvart sjette siffer, føreslo Peletier namn for kvart tredje siffer. Han fann også på suffikset -illiard, som i milliard. Dette systemet er framleis brukt i dei fleste europeiske land og i mange land med europeisk talsystem.
Chuquet-Pelletier-systemet (lang skala) | |||||
Base 10 |
Systematikk |
Chuquet |
Peletier |
SI-prefiks |
|
---|---|---|---|---|---|
10 0 |
million 0 |
unit |
unit |
- |
|
10 3 |
Million 0.5 |
tusen |
tusen |
k (kilo) |
|
10 6 |
Million 1 |
Million |
Million |
M (mega) |
|
10 9 |
Million 1.5 |
tusen millionar |
Milliard |
G (giga) |
|
10 12 |
Million 2 |
Billion |
Billion |
T (tera) |
|
10 15 |
Million 2.5 |
tusen billionar |
Billiard |
P (peta) |
|
10 18 |
Million 3 |
Trillion |
Trillion |
E (exa) |
|
10 21 |
Million 3.5 |
tusen trillionar |
Trilliard |
Z (zetta) |
|
10 24 |
Million 4 |
Kvadrillion |
Kvadrillion |
Y (yotta) |
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Jacques Peletier du Mans» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2011.
|
OQ3LPWidTp4pH,GZF9XEtGQ,7yy qY,tGanbtrrbhmDWzu,VPXE,Y41tA6OrD,F,e,neKaQ6V43pOhZ