Jesus

















Jesus

Spas vsederzhitel sinay.jpg

Fødd
2 f.Kr.
Betlehem
Død

33
Golgata



Jesus på Commons



Krossfestinga av Jesus, måla av Diego Velázquez (1599–1660)


Jesus frå Nasaret (hebraisk: יהשוה, f. rundt 6–4 f. Kr., død år 29–33) er opphavsmannen til kristendommen. Han var ein jødisk mann som levde i den romerske provinsen Judea i det første hundreåret.
Innan kristendommen blir han rekna som Messias og sonen eller lekamleggjeringa av Gud, kalla Jesus Kristus, medan han blir sett på som ein profet innan islam og bahaireligionen. Jødedommen ser derimot på Jesus som ein falsk messias.


Dei fire evangelia i Det nye testamentet handlar om livet til Jesus. Me veit lite om det tidlege livet hans, men evangelia fortel mykje om dei tre siste åra. I denne tida vandra han rundt i Judea og Galilea, forkynte si frelseslære og lækte sjuke. Han blei sett på som ein oppviglar og krossfesta. Etter tre dagar skal han så ha stått opp frå dei døde før han blei teken opp til Gud i Himmelen.




Innhaldsliste






  • 1 Fødsel


  • 2 Familie


  • 3 Forkynning


  • 4 Død


  • 5 Namnet Jesus


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Fødsel |





Jomfru Maria tilber den heilage sonen sin Jesus medan englar ser på. Måla av Stefan Lochne om lag 1445.


Mange historier knyter seg til Jesu fødsel. Evangelistane fortel at han blei fødd i Betlehem, og at både under og udådar hende i samanheng med dette. Englar skal ha sunge ved fødselen, vise menn og gjetarar vitja han, men den romerske landshovdingen, Herodes, skal òg ha forfølgd og drepe alle guteborna i området fordi han høyrde rykte om at barnet skulle truga makta hans. I dag feirar kristne Jesu fødsel til jul.


I Matteusevangeliet kan ein lesa om dei fyrste leveåra til Jesus, mellom anna ættetavla som fører han tilbake til Davids ætt, og detaljar som samstemmer med jødiske profetiar om Messias. T.d. at mora var både ugift og jomfru idet ho unnfanga barnet, som samstemmer med Jes 7,14,[1] at ei stjerna viser seg når han blir fødd (2. Mos 24,17),[2] at han er fødd i Betlehem (Mika 5,1),[3] og at Kongen får drepe alle gutungane i Betlehem (Jer 31,15)[4]. Vidare flyktar Josef med familien til Egypt, slik at fråsegna «frå Egypt kalla eg son min» frå Hos 11,1[5] kunne samsvara.


Matteusevangeliet blei kanskje til i Antiokia på 80-talet. Ettersom ein ikkje finn slike detaljar om fødselen til Jesus i andre kjelder tyder dette, har bibelforskarar hevda at fødselsforteljinga er ein konstruksjon lagd av forfattaren av Matteusevangeliet for å føra prov på at Jesus verkeleg var Messias.



Familie |


Til mor til barnet, Maria, knyter det seg òg mange historier. I mange tradisjonar var ho ei jomfru før og i nokre tilfelle også etter fødselen. Ho skal ha blitt fortald om barnet ho bar og den store framtida hans på Maria bodskapsdag. Mannen til Maria, Josef, var i dette tilfellet pleiefaren til Jesus. I familien var det òg fleire barn. Nokre kyrkjeretningar seier at dei var barna til Josef frå eit tidlegare ekteskap fordi Maria alltid var ei jomfru, andre at dei òg var hennar barn. Andre meiner at desse var brør i trua og ikkje biologiske brør.



Forkynning |





Bergpreika, måla av Carl Bloch


Første gongen Jesus utmerka seg, skal ha vore i Tempelet i Jerusalem, i ein samtale med dei skriftlærde der. Deretter blir ingenting fortald før han blei døypt av Johannes Døyparen og tok til å forkynna ei ny frelseslære ved hjelp av enkle likningar og metaforar. Han skal ha utført mange mirakel, som å få lamme folk til å gå igjen og blinde til å sjå. Ein del bibelforskarar meiner at mange av desse mirakla heller er allegoriar om at han opna augo og øyro til folk for den nye læra si.


Mykje av det Jesus sa, truga dei leiande retningane innan jødedommen på den tida. Han tok gjerne partiet til fattige, arme og syndarar, og hevda at dei hadde ein mykje betre sjanse til å oppnå Paradiset enn dei som levde etter dei religiøse lovene, men ikkje tok seg nok av andre. Han lærte òg at ei ny tid snart skulle koma, og at folk måtte angra og gjera bot, og var slik ein endedagsprofet.


Mange menneske blei tiltrekte av læra hans. Dei fremste av desse var tolv læresveinar som seinare blei apostlane for kristendommen. Av kvinner blei særleg Maria Magdalena halden fram som ein viktig disippel.



Død |




Etter tre dagar skal grava ha blitt funnen opna og tom (måla av Hans Rottenhammer)



Det nye testamentet fortel at Jesus med følgje kom til Jerusalem under pesahfeiringa, der han skapte bråk i Tempelet ved å riva ned borda til pengevekslarane. Han blei deretter sviken av Judas Iskariot, arrestert og seinare krossfesta av romarane, under leiing av Pontius Pilatus, på oppfordring av folkemassane, tilatalt for å ha kalla seg Messias og «konge over jødane».


Kroppen hans blei deretter teken ned og gravlagd av følgjesveinane hans. Etter tre dagar skal grava ha blitt funnen opna og tom, medan fleire av disiplane møtte Jesus i dei neste førti dagane. Deretter blei han henta opp til Himmelen på Kristi himmelferdsdag.



Namnet Jesus |


Namnet Jesus kjem frå gresk Iesoûs (Ιησους) som igjen kjem frå det arameiske namnet Jēšūaʿ (ישׁוע) eller hebraiske Jəhōšūa‘ (יְהוֹשֻׁעַ) eller Jōšūa‘ (יֹשׁוּעַ) ‘Gud bergar meg’.


I Noreg har det lenge vore ulovleg å gje Jesus som førenamn, medan det derimot har vore vanleg i mange katolske land. Derimot har det hebraiske namnet Jəhōšūa‘/Jōšūa‘ med same opphav vore ein del brukt i forma Joshua på engelsk og Josva på norsk. Tilnamnet Krists kjem frå gresk Khristos og tyder 'den salva'.



Kjelder |



  • Kristendommen - En historisk innføring (Rasmussen, T. og Thomassen, E., (2004). Universitetsforlaget, Oslo.




  1. Jes. 7,14


  2. 2. Mos. 24,17


  3. Mi 5,1


  4. Jer 31,15


  5. Hos 11,1




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jesus




































































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva