Apostel






'Apostel' måla av Jean-Michel Moreau.


Apostel (gammalgresk apostolos, ἀπόστολος) tyder 'utsending', og ordet vert i kristen språkbruk brukt uomsett om Jesu utsendingar. På latin fekk ordet forma apostolus.


Ordet vert nytta i Det nye testamentet og i kristen tradisjon i ei avgrensa og i ei vidare tyding.




Jesus og dei tolv læresveinane hans. Freske frå Kappadokia frå rundt 1100-talet.




Innhaldsliste






  • 1 Dei tolv apostlane


  • 2 Apostelen Paulus


  • 3 Apostelnemninga i vidare tyding


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar




  • 6 Bakgrunnsstoff





Dei tolv apostlane |


I avgrensa tyding vert ordet bruka om dei tolv læresveinane Jesus i følgje evangelia valde ut til sine apostlar. Ordet apostel er bruka m.a. i Matteusevangeliet 10.2[1] og i Lukasevangeliet 6,13[2].


Opphavleg var Judas Iskariot ein av dei tolv apostlane, men etter at han sveik Jesus og døydde, vart Mattias vald til aposteltenesta, og gjekk inn som ein av dei tolv.[3]


I kunsten vert dei tolv apostlane gjerne framstil med kvar sin helgenattributt, som ofte viser til korleis apostelen leid martyrdauden. Av apostlane var det etter tradisjonen berre Johannes som leid ein naturleg død.



  • Simon, som Jesus gav namnet Peter (Kefas) vert ofte avbilda med nøklar eller ein opp-nedvend kross.


  • Jakob, son av Sebedeus vert ofte avbilda i pilegrimsdrakt eller eit skjel.


  • Johannes vert ofte avbilda med ein kalk som ein slange slyngjer seg ut av.


  • Andreas vert ofte avbilda med ein X-forma kross, ein andreaskross.


  • Filip vert ofte avbilda med ein T-forma kross eller ein krosstav.


  • Bartolomeus vert ofte avbilda med ein kniv.


  • Matteus vert ofte avbilda med ein hellebard eller eit sverd.


  • Thomas vert ofte avbilda med ein vinkelhake eller ein lanse.


  • Jakob, son av Alfeus vert ofte avbilda med ein tøyvalkarstokk.


  • Judas Taddeus vert ofte avbilda med ein knortekjepp.


  • Simon seloten vert ofte avbilda med ei sag.


  • Judas Iskariot vart avløyst av Apostelen Mattias. Mattias vert ofte avbilda med ei øks.




Paulus måla av Philippe de Champaigne på 1600-talet.



Apostelen Paulus |


I tillegg til dei tolv apostlane som er nemnde i Apostelgjerningane, vert Paulus rekna som ein av Jesu apostlar. Han gjorde sjølv fleire gonger krav på å bli rekna blant apostlane, og tar apostelnemninga opp spesielt i Korintarbrevet 9,1.[4]



Apostelnemninga i vidare tyding |


I Det nye testamentet vert nemninga apostel ved eit par høve òg bruka i ei vidare tyding, om alle kristne misjonærar, som i Apostelgjerningane 14,4[5] og i Romarbrevet 16,7[6].


I denne tydinga vert kan ein omtale Ansgar som «Nordens apostel», Thomas von Westen som «Samenes apostel» og Hans Egede som «Grønlands apostel».



Sjå òg |


  • Apostelhest


Kjelder |



  • Einar Molland og Ragnar Leivestad i Kunnskapsforlagets Store norske leksikon (1978) ISBN 82-573-0037-3


Referansar |





  1. Matt. 10,2


  2. Luk. 6,13


  3. Apgj. 1,25


  4. 1. Kor. 9,1


  5. Apg 14,4


  6. Rom. 16,7




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apostel





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva