NASA-bilete av Patagonia i 2003. Magellansundet ligg nede til høgre.
Ushuaia.
Patagonia er det tradisjonelle namnet på den sørlegaste delen av Sør-Amerika i Chile og Argentina Då definerer ein gjerne området som sør for Río Colorado til Kapp Horn på Eldlandet. Området omfattar den sørlege delen av Andesfjella, Valdivia-provinsen i Chile og området rundt Carmen de Patagones i Argentina. Patagonia grensar i vest til Stillehavet og til det sørlege Atlanterhavet i aust. Patagonia må ikkje forvekslast med det sørlegaste departmentet i provinsen Buenos Aires, som heiter Patagones.
Innhaldsliste
1Etymologi
2Natur
3Levevis
4Galleri
5Kjelder
Etymologi |
Namnet Patagonia kjem av det portugisiske ordet patagón, 'store bein'. Då Ferdinand Magellan oppdaga dette området i 1520, brukte han ordet for å skildra dei innfødde han møtte. Nokre kjelder meiner det var fordi dei hadde så store pelsstøvlar, medan andre meiner det kjem av at dei innfødde Magellan møtte, var spesielt høge.
Natur |
Naturen i Patagonia består av innsjøar som er demma opp frå morenane frå istida. Djupe dalar skjer gjennom området frå vest mot aust. I aust ligg store, turre ørken- eller steppeområde med mykje vind. Bratte klipper skil ørkenområdet frå Atlanterhavet i vest. Både floraen og faunaen her er interessant, med mange endemiske artar.
Levevis |
Området, som dekkjer over ein million km2, er relativt tynt folkesett med to millionar innbyggjarar. Til samanlikning bur det over 40 millionar i heile Argentina og over 16 millionar i Chile. Saueavl er ei viktig verksemd for innbyggjarane i Patagonia. Når snøen smeltar frå fjella, blir det gode beitemarker for sauene i høglanda. Det er lite jordbruk her, men det vert drive petroleumsutvinning fleire stader og det er store kolgruver i Río Turbio i Argentina.
Galleri |
Perito Moreno
Bariloche
Valdes
Kjelder |
«Patagonia» i Store norske leksikon, snl.no. Det er ikkje brukt SNL sin definisjon, men Engelsk Wikipedia sin definisjon på kva Patagonia omfattar.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...