Namibia
Republic of Namibia (norsk: Namibia, namibiske) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Namibia, Land of the Brave» | ||||||
Motto | Engelsk: Unity, Liberty, Justice (Eining, fred, rettferd) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Windhoek | ||||||
Styresett President Statsminister | Republikk Hifikepunye Pohamba Hage Geingob | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 824 292 km² (33.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 2 484 780 (140.) 3 /km² (196.) | ||||||
Sjølvstende - Dato | Frå Sør-Afrika 21. mars 1990 | ||||||
Nasjonaldag | 21. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 24 840 mill. USD (132.) 11 500 USD (105.) | ||||||
Valuta | Namibisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +264 | ||||||
Toppnivådomene | .na |
Namibia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Zambia i nord, Botswana i aust og til Sør-Afrika i sør.
Regionar |
Namibia er delt inn i 13 regionar:
|
|
Fakta |
- Naturtilgong: Diamant, kopar, uran, gull, bly, tinn, litium, kadmium, sink, vanadin, naturgass, vasskraft, fisk
- Folkesetnad: Om lag halvparten av folkesetnaden høyrer til ovambo-stammen og 9 % høyrer til kavangos-stammen. Andra stammar er herero, damara, nama, caprivi, buskmenn, bastar og tswana.
- Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 18,3 år (2002)
- Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 42,8 år (2003)
- Spedbarnsdøydelegheit: Nesten 7% (2003)
Religion: kristne 80-90 %, tradisjonelle religionar 10-20%
Språk: engelsk, afrikaans, tysk, tradisjonelle språk m.a. oshivambo, herero og nama.
Analfabetisme: I 2003 var om lag 15 % av den vaksne folkesetnaden analfabetar
Klima |
Namibia er kanskje eit av dei tørraste landa i verda og har to forskjellige ørkentypar. Temperaturane er likevel ikkje så veldig høge. Store delar av landet ligg på eit høgare platå, som hindrar sommarvarmen i å bli altfor sterk. Vintermorgonane kan vere kalde, medan temperaturen på dagtid vanlegvis går over 15 °C. Ei og anna regnbye kan oppstå om vinteren, men det meste av nedbøren kjem om sommaren i samband med torevêr. Dei gjev derimot sjeldan mykje nedbør. Windhoek som ligg i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 362 mm.
Langs kysten har ein ørkenområde, noko som er sjeldan å sjå ved havet. Årsaka til dette er oppvelling av kaldt havvatn i samband med Benguelastraumen, som fører til stabil luft året rundt. Den stabile lufta hindrar at det vert danna regnbyer. Tåke er det derimot mykje av, om lag halvparten av dagane i året, og kystområda får faktisk tildelt meir vatn gjennom tåke enn gjennom nedbør. Tåka kan strekke seg 100 km innover i landet, som kan ha tåke om lag 60 dagar av året. Her kan ein i tillegg få lett yr (kalla moetreën). Temperaturane på kysten går sjeldan under 8 °C eller over 25 °C. Unntaket er når varm vind frå aust strøymer ned mot kysten. Walvis Bay som ligg på kysten her har ein årleg nedbørsnormal på 22 mm.
Sørlege Afrika | |
---|---|
Angola · Botswana · Lesotho · Malawi · Mosambik · Namibia · Sør-Afrika · Swaziland · Zambia · Zimbabwe |
Den afrikanske unionen | |
---|---|
|
|