11. april




11. april er den 101. dagen i den gregorianske kalenderen (102. under skotår). Det er 264 dagar att av året.




Innhaldsliste






  • 1 Merkedag


    • 1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar


    • 1.2 Religiøs helgedag


    • 1.3 Namnedag




  • 2 Hendingar


    • 2.1 Utlandet


    • 2.2 Noreg




  • 3 Fødde


  • 4 Døde





Merkedag |



Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |



Religiøs helgedag |



Bevegelege heilagdagar som fell på 11. april i 2019:




















Namnedag |















Noreg
Ylva og Ulf
Sverige
Ulf og Ylva
Danmark
Leo

Helgendag i den katolske kyrkja:



  • Stanislas av Kraków

  • Gemma Galgani

  • Godeberta



Hendingar |



Utlandet |




  • 672: Adeodatus II blei vald til pave etter Vitalianus.


  • 896: Bonifatius VI blei vald til pave etter Formosus, men døydde to veker seinare.


  • 1471: Henrik VI av England blei avsett av tronrivalen Edvard IV. Ein månad seinare blei Henrik drepen i Tower i London, truleg etter ordre frå Edvard.


  • 1713: Frankrike og Spanien slutta fred i Utrecht og enda Den spanske tronfølgjekrigen.


  • 1814: Napoleonskrigane. Napoleon gjekk av som keisar og drog i eksil til Elba.


  • 1899: Spania gav frå seg Puerto Rico til USA.


  • 1945: Andre verdskrigen: Amerikanske styrkar frigjorde konsentrasjonsleiren Buchenwald.


  • 1951: Koreakrigen. General Douglas MacArthur fekk avskjed som leiar for SN-styrkane av president Harry S. Truman, og blei erstatta av general Matthew Ridgway.


  • 1968: Den tyske studentleiaren Rudi Dutschke blei skoten ned av ein nynazist i Berlin. Han overlevde attentatet.


  • 1970: Apollo-programmet. Oppskytinga av Apollo 13.


  • 1979: Den ugandiske motstandsrørsla UNLA inntok hovudstaden Kampala og tvinga diktatoren Idi Amin til å flykta til utlandet.


  • 2006: Den europeiske romsonden Venus Express gjekk inn i bane rundt planeten Venus.



Noreg |




  • 1940: Tyske fly bombar Elverum og Nybergsund, 41 menneske omkom i Elverum.


  • 1947: M/S Belpamela av Oslo forliser i Nord-Atlanteren der ni mann bleiv.


  • 1988: Odelstinget vedtek med 53 røyster mot 34 Lov om røyekforbod på offentlege stader. Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti utgjorde fleirtalet.



Fødde |


Sjå òg Fødde den 11. april.


  • 145: Keisar Septimius Severus av Romarriket

  • 1357: Kong Johan I av Portugal

  • 1492: Margrete av Navarra, dronning av Navarra

  • 1808: Anton Martin Schweigaard, norsk jurist og politikar

  • 1866: Nikolaus Gjelsvik, norsk jurist og målmann

  • 1869: Gustav Vigeland, norsk kunstnar

  • 1904: Kundan Lal Saigal, indisk songar og skodespelar

  • 1953: Guy Verhofstadt, belgisk statsminister

  • 1958: Luísa Diogo, mosambikisk statsminister

  • 1966: Lisa Stansfield, engelsk songar og låtskrivar

  • 1979: María Elena Swett, chilensk skodespelar

  • 1987: Joss Stone, engelsk songar

  • 1991: Erina Mano, japansk songar



Døde |


Sjå òg Døde den 11. april.


  • 1034: Keisar Romanos III Argyros as Austromarriket

  • 1165: Kong Stefan IV av Ungarn

  • 1240: Llywelyn den store, prins av det walisiske kongedømet Gwynedd

  • 1612: Emanuel van Meteren, flamsk historikar

  • 1882: Jacob Wilhelm Nordan, norsk arkitekt

  • 1926: Luther Burbank, amerikansk botanikar

  • 1962: Ukichiro Nakaya, japansk fysikar

  • 1983: Dolores del Río, meksikansk skodespelar

  • 1985: Enver Hoxha, albansk statsleiar

  • 1987: Primo Levi, italiensk forfattar

  • 2007: Kurt Vonnegut, amerikansk forfattar

  • 2011: Angela Scoular, britisk skodespelar








Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?