Masafi
Masafi | |
by | |
Masafi fort | |
Land | Dei sameinte arabiske emirata |
---|---|
Emirat | Ras Al Khaimah, Fujairah |
Høgd | 567 moh |
Koordinatar | |
Masafi er ein landsby langs foten av Hajarfjella i Dei sameinte arabiske emirata. Fram til nyare tid, før Sharja/Kalba-vegen og vegen mellom Dibba og vegen 311 vart bygd, var vegen gjennom Masafi den einaste vegen frå det indre av landet til austkysten av Emirata. Vegen frå innlandsbyen Dhaid deler seg ved Masafi og fører til Dibba i nord og Fujeirah i sør.
Det er gjort fleire utgravingar med funn attende til bronsealderen i Masafi,[1] mellom anna eit nyleg restaurert stein- og adobefort, som er mindre men i same stil som det nærliggande fortet i Al Bithnah. Nær fortet ligg eit flott døme på ein falaj, ein underjordisk vassveg som vart bygd for å føre vatn frå fjella til oasebyane i det indre av landet.[2]
Det låg ei ujamn flystripe ved Masafi som vart nytta av omanske speidarar under Traktattida.[3]
Innhaldsliste
1 Klima
2 Vasstapping
3 Fredagsmarknaden i Masafi
4 Kjelder
Klima |
Klimadata for Masafi i Dei sameinte arabiske emirata | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 28.6 | 30.0 | 34.5 | 40.8 | 42.9 | 44.3 | 43.3 | 43.8 | 41.9 | 38.7 | 34.1 | 29.5 | 37 70 |
Normal min. temp. °C | 7.6 | 6.7 | 11.4 | 13.4 | 18.0 | 22.7 | 25.6 | 24.7 | 21.6 | 18.3 | 13.9 | 8.0 | 6,7 |
Nedbør (mm) | 21.5 | 23.8 | 6.9 | 14.8 | 0.0 | 0.1 | 0.4 | 2.4 | 4.7 | 7.9 | 3.0 | 9.4 | |
Kjelde: [1] |
Vasstapping |
Masafi er ei produsent av vatn på flaske, juice og andre varer. Det ligg ein vasstappingsfabrikk nord i byen, i Ras Al Khaimah. Her vert det produsert opp mot 90 000 flasker i timen, og er det einaste nasjonale mineralvatnet i Emirata.[4]
Fredagsmarknaden i Masafi |
Kring fem kilometer vest for Masafi (ved Dhaidvegen), ligg Fredagsmarknaden i Masafi (Souk Al Juma'a) som i røynda er open alle dagar i veka og har blitt eit populært turistmål, med mange bodar som sel leiketøy, suvenirar, planter, teppe, keramikk og frukt og grønsaker.[5] Ein stor del av marknaden vart øydelagd i ein brann den 30. mai 2015.[6]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Masafi» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2016.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «French archaeological team discoveries in Fujairah». Fujairah in Focus. January 24, 2012. Henta October 2014.
↑ Al Deberky, Salah (25. juli 2012). «History Rediscovered in Fujairah». Khaleej Times. Henta October 2014.
↑ «Old Airfield in Masafi». PPRuNe. August 2007. Henta October 2014.
↑ «Masafi Production Facilities». Masafi. Henta October 2014.
↑ «Masafi Friday Market». UAE Interact. Henta October 2014.
↑ «Fire guts Friday Market in Masafi». gulfnews.com. Henta 9. oktober 2016.
Fujairah | |
---|---|
'Abadilah · Adgat · Akamiya · Al Badiyah · Al Haybah · Al Qurayyah · Bidiyah · Dadna · Dahir · Dibba Al-Fujairah · Habhab · Hafarah · Haqil · Harat Zutut · Harf · Hatiyah · Lakayym · Masafi · Masah · Maydaq · Mu'taridah · Mukhtaraqah · Murbad · Murbah · Murrah · Qidfa' · Ramlah · Riyamah · Rughaylat · Saqamqam · Siqattah · Zubarah |
|